Hopp til innhold

Vil ta seg av skittentøyet ditt

Det blir aldri tomt i kurva med skittentøy, og ein ser aldri nokon ende. No har ei bedrift i Sula på Sunnmøre starta å vaske kleda til privatpersonar.

Vaskemaskin

I dei fleste heimar går vaskemaskina rundt både ein og to gongar dagleg. No vil eit vaskeri på Sunnmøre tilby å vaske privatpersonar sitt skittentøy.

Foto: Laurent Renault / ScanStock

Sula bedrifsteneste er ei bedrift med tilrettelagte arbeidsplassar, som har drive vaskeri i over 20 år for institusjonar i kommunen. No har dei utvida og tar imot skittentøy frå privatpersonar også. Dei har avtale med to butikkar i Ålesund der folk kan levere inn skitnekleda sine og få dei reine tilbake.

Hadde du kunne tenkt deg å sleppe å vaske klede? Du kan skrive inn meininga di nedst i saka.

Tidsklemma har aldri vore verre, og folk har ein hektisk kvardag. Dei siste åra er det blir meir vanleg å ha vaskehjelp. No trur dagleg leiar ved vaskeriet at det også finst behov for å få hjelp til å sortere, vaske, tørke, stryke og brette saman klede.

Frigjort tid

Rolf Gudmundset

Dagleg leiar Rolf Gumundset viser fram dei reine kleda som er blitt bretta saman på vaskeriet.

Foto: Sula bedriftsteneste

Han meiner folk som har det travelt har behov for å sende skitne klede på vaskeri.

– Det er mange som jobbar mykje og som vil bruke tida si på andre ting enn å vaske klede når dei først har fri, seier Rolf Gudmundset.

Kundane får utdelt ein sekk til skitenkleda som kan leverast på dei to butikkane.

– Stadig vekk blir det fleire og fleire som mellom ønskjer å få strokne skjortene sine, og det er ikkje noko dyrt å få gjort dette hos oss, seier Gudmundset.

Fulle dunkar

Positive til vaskeri i butikk

Småbarnsforeldra Ingrid Charlotte Ødegård og Stefan Vågnes er positive til konseptet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes

På gata i Ålesund er det delte meiningar om dei treng hjelp til å vaske kle eller ikkje.

Ingrid Charlotte Ødegård og Stefan Vågnes har ei jente som er 10 månader som lager mykje klesvask. Sjølv får dei hjelp av svigermor, men om dei ikkje hadde hatt den hjelpa kunne dei godt ha nytta seg av tilbodet fortel dei.

– Det hadde absolutt vore greitt. Når ein har småbarn blir dei to skittentøydunkane veldig fort fulle, seier Ødegård.

Astrid Sandal og Kristin Nærø

Astrid Sandal og Kristin Nærø seier dei ikkje har behov for eit slikt tilbod.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes

Men det er ikkje alle som kunne tenke seg å levere skittentøyskurva i butikk. Kristin Nærø meiner det hadde vore meir tungvint å gå til butikken for å levere skittentøyet enn å vaske kleda heime.

– Det hadde ikkje vore aktuelt for oss. Vi vasker kleda våre sjølv, det er ikkje noko problem, seier Kristin Nærø.

Hadde du kunne tenkt deg å sleppe å vaske klede?