Hopp til innhold

Krakilsk linerle angrip sidespegel etter sidespegel

Ein køyretur på Ellingsøya blei noko utanom det vanlege for Mariann V. Johansen, då ei heller intens linerle angreip sidespeglane hennar. Igjen og igjen. Slik heldt linerla på med alle passerande bilar ...

Ei heller gal linerle angreip bilistar som køyrde forbi Kverve på Ellingsøya måndag. Ved gjentekne høve tok fuglen fart og small inn i sidespeglane på mange bilar. VIDEO: Mariann V. Johansen.

Mariann V. Johansen køyrde forbi rundkøyringa på Kverve på Ellingsøya ved fleire høve. Kvar gong kom den hormonfylte linerla og angreip sidespeglane. Til slutt fekk Johansen festa det på film.

– Det var utruleg merkeleg, litt Alfred Hitchcock-oppleving. Linerla var utruleg aggressiv og flaug rundt bilane og inni sidespeglane med all si kraft, fortel Mariann V. Johansen.

For på Ellingsøya, i rundkøyringa ved Kverve, hadde ei linerle innteke kampposisjon. Ingen bilar skulle sleppe unna. Og som i Hitchcook-skrekkfilmen «The Birds» verka fuglen fullstendig gal.

Krysset der linerla hadde sett seg til er mellom to tunnelar, og Johansen seier fuglen bevisst gjekk for sidespeglane.

– Første gong eg passerte høyrte eg berre masse dunkelydar i bilen. Eg skjøna ikkje kva det var før eg såg linerla hakke laust på spegelen.

Mariann V. Johansen

Mariann V. Johansen trur ikkje linerla har knust nokon speglar. til det var fuglen for liten, meiner ho.

Foto: Privat

Johansen svinga inn på ei busslomme, der linerla framleis tok rennefart og køyrde nebb, hovud og fuglekropp inn i sidespegelen.

– Den blei skeptisk då eg byrja å ta bilde av den med mobilen. Då flaug den tilbake til «oppstillingsplassen» sin i krysset og venta på neste bil, gjenfortel den fuglejaga bilisten frå Ellingsøya.

«Alt du kjem utfor!»

Den lett bisarre og festlege opplevinga måtte sjølvsagt festast på film, tenkte Johansen.

– Eg tok ein runde til, og det same gjentok seg. Tredje gong køyrte eg i førstegir ut frå krysset, køyrte sakte langs vegskuldra med blinklyset på. Då fekk eg festa ein liten snutt med fuglen til film.

Linerla med sidespegel-fetisj blei ein liten «snakkis» då ho seinare var på dugnad i barnehagen.

– Fleire hadde blitt utsett for den same fuglen. Så mange har fått oppleve den svært hissige eller vårkåte linerla, fortel Johansen.

Då ho viste videoen til si eiga mor seinare på dagen var reaksjonen eit flirande «Alt du kjem utfor, altså!».

Saka held fram under videoen. Klippet er frå Hitchcock-klassikaren «The Birds» frå 1963.

Klipp frå Hitchcock-klassikaren «The Birds» frå 1963.

Ornitolog: – Håplaus kamp

Til forskjell frå fuglane i Hitchcock-klassikaren «The Birds» angreip ikkje linerla menneske. Den gjekk rett mot sidespeglar, eller speglar.

Alv Ottar Folkestad

Rable galne fuglar i paringstid tilhøyrer ikkje det sjeldne, fortel ornitolog Alv Ottar Folkestad.

Foto: Terje Reite / NRK

Slikt er ikkje logisk for kvar og ein i det ganske land, men ornitolog og fuglekjendis Alv Ottar Folkestad gjorde oss litt klokare:

– Det er så enkelt som at linerla ser ein konkurrent inni der. Hormonane er på det heitaste akkurat no. Konkurrenten er derimot nøyaktig like sterk, så det er ein håplaus kamp. Når konkurrenten byrjar å blø, så blør linerla sjølv. Det blir uavgjort uansett, flirer Folkestad.

For det er paringstid, og fuglar i paringsmodus endar ofte opp som harde sjølvskadarar.

– Linerla er blant dei som gjer slikt relativt hyppig, mot både speglar og glasruter. Tjelden og kråka er andre fuglar som slit med det same, opplyser Folkestad.

Linerle

Lita og flott. Ei roleg linerle kan vere eit flott skue.

Foto: Kjartan Trana

Frustrert ungkar

Linerla på Kverve på Sunnmøre vinn dessverre aldri krigen mot seg sjølv. I verste fall går begge i grava.

– Det hender at fuglane stryk med, men det er oftast når dei går på glasruter. Då blir det endå større fart for fuglen, før den dunkar i ruta. Det vanlege er at dei blir kavande og nærmast i ei nevrose av det heile, fortel Folkestad i prat med NRK.

Johansen, som filma den utagerande fuglen, trur det fort kan vere ein mann som vi slå seg til ro.

– Han var vel interessert i å finne reir, så konkurransen måtte eliminerast.

– Ein frustrert ungkar?

– Ja, tydelegvis. Han gjekk bevisst på speglane. Men det er kanskje noko mentalt feil med fuglen, humrar Johansen.

Saka held fram under bildet.

Gal linerle

Her tek linerla fart, stirrar «konkurrenten» djupt inn i augene og angrip. Ein skulle tru fuglen lærte av sine feil?

Foto: Mariann V. Johansen

– Drifta dovnar

Mariann V. Johansen må seie seg glad for at det var ei linerle, og ikkje ei kråke eller måke. Folkestad fortel derimot at til og med ei kråke ikkje ville knust spegelen.

– Det kan nok vere litt verre med kråker, men sjølv ei kråke vil ikkje ha så mykje kraft mot ein bilspegel.

Alv Ottar Folkestad

Ornitolog Folkestad er svært god kjend med fuglane ein ser. Linerla er styrt av hormonane, fortel han.

Foto: Terje Reite / NRK

Normalt går fuglane på bestemte objekt, og Folkestad synest det er litt merkverdige når fuglen angrip, flyg tilbake til utgangsposisjon, før han på ny angrip.

– Men når det først har festa seg ... Med nokre fuglar blir det hengande fast og går føre seg over tid. Etter kvart dovnar derimot drifta, seier den kjende ornitologen.

For Johansen, som fanga linerla til film med mobiltelefonen, var det i alle fall ei rar oppleving.

– Han blei verken fornøgd eller klokare etter all kriginga. Han blei visst berre surare.