Hopp til innhold

Vil ha svar på om dødsbrann var påsett- foreldre krev ny gransking

Fire ungdommar døydde etter ein husbrann 14. desember 2008. Dei etterlatne skuldar politiet for mangelfull etterforsking og får no hjelp av ein eigen etterforskar.

Fire ungdommar døydde etter ein husbrann 14. desember 2008. Dei etterlatne skuldar politiet for mangelfull etterforsking og får no hjelp av ein eigen etterforskar.

Fire ungdomar miste livet i husbrannen i Herøy. Foreldra sit att med mange spørsmål og krev ny gransking frå eit anna politidistrikt.

Brann Herøy

Foreldra til dei som miste borna sine i bustadbrannen i Herøy, får ikkje fred før dei får svar på spørsmåla.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Tidleg ein desembermorgon miste fire ungdomar livet etter ein bustadbrann. Det var fest i huset på Flusund i Herøy og mange personar skal ha gått ut og inn av huset i løpet av natta. Dei etterlatne har aldri fått svar på kva som eigentleg skjedde og fryktar at brannen vart påsett.

Stortingsrepresentant Oskar Grimstad miste dottera Kamilla i brannen. Ho vart berre 17 år gamal og var den yngste av dei omkomne. Også kjærasten hennar døydde i brannen.

– Det er forferdeleg meiningslaust og tungt, seier Grimstad.

Har ikkje tillit til politiet

Omkom i brann

Kamilla Grimstad og kjærasten Marius Voldsund omkom i bustadbrannen.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Han og tre andre foreldrepar spør kvifor dette skjedde og korleis. Dei vil ha svar på om brannen var ei ulukke eller om den var påsett og krev ny gransking i saka. Men dei har ikkje lengre tillit til politiet på Sunnmøre og vil at eit anna politidistrikt skal ta over saka.

– Vi har blitt fortalt ei historie som ikkje er sann og føler det er altfor mange lause trådar i saka, seier Grimstad.

Ein nabo skal i vitneavhøyr fortalt at ho såg ein person gå inn og ut av huset like før brannen starta og meiner at brannen er påsett. Etter seks månaders gransking la politiet på Sunnmøre bort saka.

Fotoapparatet var like heilt

Oskar Grimstad

Oskar Grimstad med kameraet som dottera Kamilla hadde meg seg over alt.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Dei etterlatne kallar det mangelfullt arbeid, og reagerer på at fleire opplysningar er haldne tilbake. Ein av dei tinga Oskar Grimstad ikkje forstår, er korleis fotoapparatet til Kamilla med reim laga av kunststoff, kunne vere like heilt. Dottera hadde med seg kameraet over alt og også denne natta tok ho mange bilete.

– Fotoapparatet kunne ikkje ha vore inne i huset når det brann. Men då vi stilte spørsmål om kvar det vart funne, ville ikkje politiet svare, fortel Grimstad.

Pensjonist hjelper

No får familiane hjelp frå ein pensjonert lensmann. Etter at Jens Bjørkedal las om saka i Sunnmørsposten, tok han kontakt. Han reagerer på at politiet der fortalde at dei omkomne hadde sovna inn i sengene sine. I etterkant kom det fram at minst to av ungdomane vart funne andre stader i huset. Mest truleg på veg ut.

Bjørkedal reagerer også på at foreldra måtte purre fleire gongar for å få tilgang til saksdokumenta.

Jens Bjørkedal

Pensjonert lensmann, Jens Bjørkedal, har engasjert seg i saka.

Foto: Arild Pettersen / NRK

– Det er uhøyrt. Det er det einaste eg kan seie, kommenter Bjørkedal.

Foreldra til Kamilla fekk heller aldri tilbod om bistandsadvokat slik dei hadde krav på. Bjørkedal er sjokkert over at ingen har fortalt dei dette.

Møte i mai

For fem veker sidan bad Bjørkedal om å få tilsendt saksdokumenta, men han har enno ikkje fått svar. Politiet vil ikkje kommentere kravet om ny gransking, men viser til at dei vil ha eit møte med dei etterlatne foreldra i mai. Då håper Grimstad og dei andre å få beskjed om at saka vert tatt opp att av eit anna politidistrikt.

– Vi klarer ikkje å kome oss vidare. Vi nektar å gi oss før vi får alle svara, seier Grimstad.