Hopp til innhold

Dødsbrannhelt vil ha sanninga fram

Kristen Blindheim frå Sykkylven var om bord Scandinavian Star den 7. april i 1990. Utan hans innsats hadde truleg fleire enn dei 159 omkomne mista livet. No håper han sanninga om brannen endeleg kjem fram.

Det er 23 år sidan den tragiske brannen om bord i passasjerferja «Scandinavian Star» mellom Oslo og Frederikshavn.

I dag blei det klart at ei ny gransking har konkludert med at mannskapet om bord i båten både stod bak brannen og saboterte redningsarbeidet.

– Har visste dette heile tida

Rapporten, signert fleire fagfolk, skipsekspertar og brannfolk- og etterforskarar involvert i 1990, konkluderer med at:

  • Minst fire brannar blei tent på kvar for seg. Den hittil antekne gjerningsmannen døydde i brann nummer to.
  • Brannen var forsikringssvindel utført av minst tre mannskapsmedlemmer om bord.
  • Dei skuldige manipulerte ventilasjonssystem, branndører og sløkkesystem for å sikre maksimal brannspreiing.

– Alle vi som har jobba med saka i etterkant har visste verkelegheita lenge. Dette har vi visst heile tida, men ingen har brydd seg, seier Kristen Blindheim.

Skal ha sett gjerningsmann to gonger

– Du har hatt denne mistanken heile tida?

– Ikkje mistanke, nei. Eg såg sjølv personen sjølv før eg sløkka første brannen. Han passerte i korridoren framfor meg, før eg trefte på han igjen då vi måtte ut av skipet etter at brann nummer to ikkje var råd å sløkke.

– Då måtte vi evakuere, og eg møtte same personen som eg hadde sett tidlegare, hevdar Blindheim.

Blindheim var om bord «Scandinavian Star» i eit reisefølgje på sju. Han var éin av to vaksne saman med fem unge bordtennisspelarar frå Sykkylven.

– Eg fekk ikkje sove den natta

Historia til Blindheim er av den svært dramatisk sorten. Ulukkesnatta på «Scandinavian Star» var nemleg ei søvnlaus ei for Blindheim – heldigvis.

– Eg fekk ikkje sove den natta. Eg prøvde, men eg klarte rett og slett ikkje å slappe av. Etter éin time høyrte eg at det styra i korridorane utanfor lugaren.

Han høyrte fleire lydar på døra, før han snudde seg i senga og såg at dørklinka var teke ned.

– Før ho gjekk sakte opp igjen. Så heldt personen utanfor fram med å opne branndøra ved sidan av lugardøra vår, før han forsvann. Så blei det stilt.

Saka held fram under bildet.

"Scandinavian Star"

Dødsbrannen om bord passasjerferja i 1990 kosta 159 menneske livet.

Foto: Dalsnes, Tor Arne / SCANPIX

Bykste ut og møtte flammane

Kristen Blindheim snudde seg igjen, for å sove, men etter kort, kort tid høyrde han knitring.

– Då bykste eg opp og låste opp døra. Eg såg flammane stå i taket og røyken kom sigande inn i lugaren. Eg måtte tenkje lynraskt og brølte høgt til alle på rommet.

Mannen frå Sykkylven visste godt at det var mykje folk like ved, så han tok straks til med sløkkjearbeidet.

– Eg kunne ikkje springe av skipet utan å gjere noko. Eg var kjapt bort til sengene i lugaren og reiv med meg alt eg klarte av sengeklede, før eg sprang ut i underbuksa.

– Eg stupte mot flammane i korridoren og kvelte dei så langt eg klarte. Etterpå hadde eg på ni bøtter med vatn. Den siste bøtta gjekk i veggen, for det var brent eit stort hol i veggen – på over ein meter.

Med rask tankegang, og ein kraftanstrengelse ved å løfte ei tung branndør på plass, fekk han sløkt og stengt ute flammar og røyk.

– Mannskapet sa at alle var berga

Etter sløkkearbeidet banka han på lugardørene i korridoren og fekk varsla andre.

– Du fekk redda svært mange før du forlét skipet?

– Ja, eg var den siste som gjekk i livbåt av passasjerane. Men eg hadde aldri gått i ein av livbåtane hadde det ikkje vore for at éin i mannskapet sa at alle var berga.

– Så då gjekk eg i livbåt. Som siste person, fortel Kristen Blindheim.

Blindheim har slite i etterkant av dødsbrannen, men har ved fleire høve fortalt historia si. Til Dagbladet i 2003 var svensk politi tydelege på kva innsatsen til sunnmøringen hadde å seie.

– Dei i korridoren kan takke Blindheim for livet, sa politiinspektør Agne Knutsson i Uddevalla-politiet for 10 år sidan.

Blindheim var om bord på «Scandinavian Star» for 23 år sidan, på veg til ei bordtennisturnering i Danmark. No håper han den verkelege sanninga kjem fram, éin gong for alle, avsluttar han i intervju med NRK.

Scandinavian Star 1990

Scandinavian Star-ulukka skjedde på Skagerak 7. april 1990.

Foto: Dalsnes, Tor Arne / SCANPIX

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL