Hopp til innhold

Meinte Stad skipstunnel var for dyr

For vel to år sidan frårådde Kystverket Stad skipstunnel. Rapporten deira slo fast at kostnadane ved å bygge ein skipstunnel vert for høge i forhold til nytten.

Kystdirektør Kirsti Slotsvik.

Kystdirektør Kirsti Slotsvik og Kystverket frårådde i 2011 bygging av Stad skipstunnel i si utgreiing.

Foto: Brede Olav Røsjø / Remi Sagen / Alf Jørgen Hernes Tyssing / NRK

I 30 år har det vore planar om ein 1700 meter lang tunnel gjennom fjellet for å lose båtane trygt forbi det verharde Stadlandet. I løpet av dei åra har planane om Stad skipstunnel vore gjennom heile 17 utgreiingar.

I januar 2011 kom konklusjonen frå Kystverket si utgreiing: Stad skipstunnel er for dyr i forhold til nytten ein har av den.

Les:

Det tilbakeviser regjeringa, og løyver no éin milliard kroner gjennom Nasjonal Transportplan for å trygge skipsfarten over Stadhavet.

– Vi har ingenting å angre på

Stadhavet, som binder Sogn og Fjordane med Møre og Romsdal, er eitt av dei mest krevjanede og verharde havområda i Europa. Her er det målt bølgjer opp til 33 meter og dei siste 100 åra har om lag 100 menneske mist livet på dette havstykket.

Det har difor vore eit sterkt lokalt engasjement for å byggje ein skipstunnel gjennom Stadlandet, og til TV2 seier statsminister Jens Stoltenberg i dag at dette er eit banebrytande prosjekt som bidreg til sikkerheit og framkommeligheit og at det er ei stor satsing på kysten.

Les:

Direktør i Kystverket, Kirsti Slotsvik, meiner likevel at dei gjorde ei riktig vurdering i 2011, utifrå dei føresetnadane dei hadde då.

– Vi har ingenting å angre på. Vi kom med ei teknisk tilråding den gongen og i dag er det gjort ei politisk slutning. Dette vedtaket har kome på grunnlag av det Kystverket har gjort og det mange andre har gjort, så det synest vi er hyggeleg.

Les også:

Bilde av animasjon skipstunnel

IKKJE LENGER EIN UTOPI: Slik kan det om nokre år sjå ut frå brua på hurtigruta.

Foto: Rune Karlsen / NRK

– Konklusjonen frå Kystverket sin rapport er svekka

Etter at Kystverket i 2011 hevda at det ikkje var lønsamt å bygge Stad skipstunnel, skulle tala dei kom fram til gjennom ei kvalitetssikring.

Den gong trudde ikkje Slotsvik at konklusjonen vart så mykje annleis etter kvalitetssikringa.

Seinare har det vist seg at ho tok feil.

– Det viser seg at tala ser veldig mykje betre ut etter dei nye rundane med kvalitetssikring. Med andre ord vart konklusjonen vi kom med i rapporten i 2011, svekka.

– Kva tenkjer du om at regjeringa no går imot tilrådinga til Kystverket?

– Eg tenkjer at det ikkje nødvendigvis er nyttekostnaden som avgjer om noko vert bygd. Det gjeld også for Stad skipstunnel. Her er det andre element som tel positivt, men som ikkje alltid er så lett å setje tal på.

Les også:

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

Om nokre år vil ein kunne sjå hurtigruta kome ut av Stad skipstunnel ved Kjødepollen.

Foto: NORDWEST3D

Byggestart i 2018

No gler kystverket og Kirsti Slotsvik seg over at ein med Stad skipstunnel kan flytte meir gods frå veg til sjø.

– Stad skipstunnel vil bidra til ein meir forutsigbar kvardag for skipsfarten. Det er også mindre fare for at dei får skade på lasta når dei slepp å gå over Stadhavet.

Bygging av tunnelen er planlagt å byrje i 2018. Statsminister Jens Stoltenberg ønskjer torsdag ikkje å seie nøyaktig når skipstunnelen kan stå ferdig, men det som er klart er at regjeringa førebels vil sette av 1 milliard kroner i Nasjonal Transportplan som vert lagt fram i april.

– Der er mykje som skal gjerast før 2018 og byggestart. Der er meir utgreiingar og kvalitetssikringar som må gjerast. No er vi absolutt mest opptekne av kva som skal gjerast først og sist, for å rekke dei tidsfristane som vil komme etter kvart, seier kystdirektør Kirsti Slotsvik.

– Det er ikkje lenge til 2018. No treng vi tida.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL