21.03.2013

Ein person blei sendt til sjukehus etter ulykke

Kart

Grytestranda

Kilde: Google Maps

Ein person blei sendt til sjukehus etter utforkøyring på Grytestranda i Haram kommune på Sunnmøre.

Politiet fekk melding om ulykka onsdag kveld 21.35 via AMK.

Det var ein bil som var involvert i ulykka ikkje langt frå avkøyringa på Slyngstad på Grytestranda i Haram kommune.

Bilen skal ha køyrd utfor vegen. Det var berre ein person i bilen, ifølgje politiet.

– Bilen skal ha gått rundt fleire gongar. Dermed var det fare for indre skade, såkalla høgenergi-skade ifølgje helsepersonell, fortel operasjonsleiar Arild Reite ved Sunnmøre politidistrikt onsdag kveld.

Vedkommande blei tatt hand om ambulanse og sendt til Ålesund sjukehus.

Skadeomfanget er ikkje kjend onsdag kveld.

Politipatrulje var på staden onsdag kveld for å gjere undersøkingar, og det vil bli oppretta sak.

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Klassequizen

Siste nytt innanriks

Nyheitene i Nett-TV

Nett-TV Møre og Romsdal 174

Siste frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

nrk.no/sport

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet