21.03.2013

Finst ikkje pengar til utbetring av vegar

Null asfalt på fire år i Møre og Romsdal.

Nedkøyrde fylkesvegar slit på både sjåførar og bilar i Møre og Romsdal. Men det finst ikkje pengar til utbetring.

I vegvesenet fryktar ein at det kan gå minst fire år før det kjem ny asfalt – trass i både sprekker og hol.

– Det er mange som ringer inn til oss og fortel om vegane sine, at det er mykje telehiv og djupe spor, seier Ivar Hol, seksjonsleiar i Statens vegvesen.

Møre og Romsdal er eit vegrikt fylke og Ivar Hol veit godt kor mykje veg som treng vegvesenet sin merksemd.

– Det er 3101 kilometer, men i år er det ikkje funne rom for anna enn vegmerking, seier Hol.

Det er mange vegar som har dårleg underbygging, og då blir levetida på asfalten kortare. På dei nye vegane står asfalten lengre.

Slik saka står akkurat no vil ikkje vegvesen få ei einaste krone til vedlikehald på fylkesvegane dei neste fire åra.

– Årsaka er nok at overføringane frå staten til slike formål, til fylkesvegar, er for knapp. I tillegg er det andre oppgåver, for eksempel vinterdrift og slått som kanskje blir litt dyr, avsluttar Hol.

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Klassequizen

Siste nytt innanriks

Nyheitene i Nett-TV

Nett-TV Møre og Romsdal 174

Siste frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

nrk.no/sport

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet