21.03.2013

Sunnmøring vann poker-NM

Paul Johan Myklebust (Foto: privat)

Paul Johan Myklebust vann ei av øvingane under poker-NM i Berlin 2013.

Foto: privat

Paul Johan Myklebust frå Vanylven på Sunnmøre blei noregsmeister i poker i Dublin.

Paul Johan Myklebust (33) brukar å delta i NM kvart år, men ikkje meir enn det. Han driv med poker på hobbybasis, og har gjort dette i 18 år.

Onsdag gjekk han av med sigeren under ei av øvingane under noregsmeisterskapen i Dublin.

– Det var jo ein overrasking å vinne, men eg har kome ganske langt i dette spelet tidlegare. Så eg hadde jo ein ambisjon om å gjere det bra, seier den audmjuke vinnaren.

Han blei noregsmeister i det som blir kalla «Pot-Limit Omaha». Det er eit spel der ein fire kort i staden for to kort som blir brukt i «Texas Hold`em», som er den vanlege typen poker.

I tillegg til ein skinnande pokal vann han og ein god pengesum.

– Eg vann 25.500 euro, som er om lag 190.000 kroner, det var ein fin bonus på reisa det, seier ein nøgd Myklebust.

Torsdag skal han ut i hovudøvinga under NM.

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Klassequizen

Siste nytt innanriks

Nyheitene i Nett-TV

Nett-TV Møre og Romsdal 174

Siste frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

nrk.no/sport

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet