Hopp til innhold

Fleire vil sjå Noreg i vinterdrakt

Eit cruiseskip ligg til kai i Ålesund ein kald marsdag. Om bord er stort sett britiske pensjonistar på nordlysjakt. Stadig fleire turistar vil til Noreg om vinteren.

Lesley Green tar bilde av utsikta frå Fjellstua i Ålesund.

VINTER: Lesley Green frå Nottingham er på vintercruise saman med venninner. Her er ho på Fjellstua i Ålesund.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Lesley Green frå Nottingham har kjøpt seg nytt ullundertøy. Venninna Polly Johnson har nye støvlettar. Dei er klare for å utforske Ålesund.

– Eg var i Noreg ein sommar for 45 år sidan, men har alltid hatt lyst å kome tilbake om vinteren. Det er nordlyset og isbreane som lokkar, seier Polly Johnson.

Les også: Nordlyset øverst på briters liste over «må se»-opplevelser

Anita Nøring turistinformasjonen i Ålesund.

INFORMERER: Anita Nøring ved turistinformasjonen i Ålesund har nok å gjere sjølv om det er ei stund til høgsesong. Lesley Green og venninna Polly Johnson frå Nottingham vil vite vegen til Fjellstua.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Nordlys

Og nettopp nordlyset er det vinterturistar i Noreg snakkar mest om. Nokre vil på ski, men dei fleste er pensjonistar som vil sjå nordlyset og isbreane. Fleire av dei har vore her før. Om sommaren. Andre er her for første gong.

Det første skipet på vintercruise til Noreg kom i 2009. Året etter var det 4 cruiseskip i Noreg i februar og mars. I fjor var talet 6, viser tal frå Cruise Norway. I tillegg kjem dei som reiser med Hurtigruten.

På turistinformasjonen i Ålesund er det hektisk denne dagen. Avdelingsleiar Anita Nøring svarar på spørsmål frå turistane frå cruiseskipet Discovery.

– Eg sjekkar ofte nordlysvarselet, fortel ho, medan ho leitar fram kart og viser veg til utsiktspunktet Fjellstua.

Nordlys på Alnes

MÅLET: Det er dette som er målet for britane på vintercruise. Dette biletet vart tatt på Alnes utanfor Ålesund kvelden før dei britiske turistane kom til Ålesund. Dei vart eit døgn for seine, men får fleire sjansar når turen går vidare til Narvik.

Foto: Henny Stokseth

Tøft

Lesley Green og Polly Johnson har hatt ein tøff tur over havet.

Dei fortel om hard sjø, turistar som må krype til lugarane, flasker som blir kasta av borda. Dei måtte droppe anløpet i Stavanger på grunn av at dei brukte for lang tid i uveret.

– Turen var veldig tøff. Ei dame vart henta med ambulanse på kaia då vi kom i land i Ålesund. Eg trur ho måtte få ein sjekk etter den harde turen, fortel Johnson.

Det er mangt ein går igjennom for å få sjå nordlyset.

– Nesten ingen møtte opp då vi skulle helse på kapteinen. Eg trur dei fleste låg samankrøka på lugaren, fortel Lesley Green.

Vintercruise Discovery

TIL KAI: Første stopp Ålesund. Cruiseskipet Discovery måtte droppe stoppet i Stavanger på grunn av uver over Nordsjøen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Utfordring

På turistinformasjonen i Ålesund fortel dei at det er det som er utfordringa for den utvida turistsesongen. Vêret.

– Vi har hatt ei cruicebåtkansellering på grunn av vêret, og dei som kom no hadde ein veldig tøff tur, seier Anita Nøring.

Det er kanskje difor det er den britiske marknaden som er størst no om vinteren. Dei er ikkje heilt ukjende med vinter og kulde, og vegen over Nordsjøen er overkomeleg i dei fleste tilfelle.

– Den britiske marknaden veks no om vinteren, men det er tyngre å jobbe mot andre land, seier Christine Lillevik som driv Møre og Trøndelag guideservice.

Les også:

Glatt

Dei to venninnene frå Nottingham går gjennom Ålesund på veg mot Fjellstua. Polly Johnson leitar etter ei vikingdokke til barnebarnet. Ho skal få eit norsk namn.

– Eg gir henne ei dokke for kvart land eg er i, forklarar Johnson. Som pensjonist har ho god tid til å reise.

På veg opp dei 418 trappetrinna til utsiktspunktet Fjellstua i Ålesund møter damene nye utfordringar. Men blankis og snø stoppar ikkje britiske pensjonistar frå å kome opp for å sjå utsikta. Det går ein jamn straum av britar opp her i dag.

– Dei aller fleste er godt budde når dei kjem. Dei har både broddar og gode kle, fortel Anita Nøring ved turistinformasjonen.

Polly Johnson på veg til Fjellstua, vinterturisme.

TIL TOPPS: Polly Johnson og venninnene frå Nottingham er på veg til ein av turistattraksjonane i Ålesund. Vinterturistane har god plass, men det blir stadig fleire av dei.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Frisk tur

På veg til byfjellet i Ålesund får Polly Johnson og Lesley Green opp pulsen. Frisk vinterluft, blå himmel, flatt hav og kvite fjelltoppar imponerer. Nordlyset gjekk dei glipp av i første omgang, men det kjem fleire sjansar.

– Vi skal vidare til Narvik. Vi skal sjå Svartisen, og så håper vi sjølvsagt på å få sjå nordlyset, seier Johnson før ho finn fram fotoapparatet.

Ålesund i vinterdrakt

FOTOGEN: Ålesund er fotogen også om vinteren. Frå Fjellstua har dei britiske turistane utsikt over byen og skipet dei kom med.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK