Hopp til innhold

– Eg angrar ikkje eit sekund på at eg valde bondeyrket

Odelsjenta Gunn Marit Musgjerd (18) bestemte seg tidleg for å ta over garden i Sunndal. Ho er ei av få kvinner som vel å verte bonde.

Gunn Marit Musgjerd
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Eg bestemte meg for å verte bonde då eg var 15 år gamal og skulle velje kva linje eg skulle søkje på i den vidaregåande skulen, fortel Gunn Marit Musgjerd.

– Det var fordi eg ville vere som pappa.

Har trua på norsk landbruk

Gunn Marit har vakse opp på ein gard i Sunndal. Det likte ho så godt, at ho har bestemt seg for å ta over drifta sjølv ein dag.

Berre 14 prosent av bøndene i Noreg er kvinner. Gunn Marit håper ho får selskap av fleire.

– Heime fekk eg sjå på alt det trivelege som skjer på ein gard. Kalvinga er noko av det mest spesielle. Å vere vitne til at eit nytt liv vert til, er noko av det kjekkaste ein kan oppleve, seier ho.

– Eg angrar ikkje eit sekund på at eg byrja på landbruksskulen på Gjermundnes. Eg har trua på at det er ei framtid i norsk landbruk. Men eg er ei lita jente og er ikkje så sterk, så eg treng ein kar som kan vere med å ta det tyngste arbeidet.

Les også:

Seminar om kvinner i landbruket

Fleire kvinner var samla til seminar i Molde måndag. Her vart det diskutert korleis ein skal få fleire kvinner til å satse på ei framtid innan gardsdrift.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Ein gard er livsverket til mange generasjonar

Gunn Marit Musgjerd er ei av 12 kvinner som Rose Bergslid frå Bioforsk Økologisk på Tingvoll har intervjua om kvinner i landbruk. Bergslid seier det er spesielt ein motivasjonsfaktor som er viktig for dei som tek over ein gard, og det er å halde garden i slekta.

Rose Bergslid

Rose Bergslid frå Biforsk på Tingvoll har skrive ein rapport om kvinner i landbruket.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Ein gard er mykje meir enn ein arbeidsplass, det er livsverket til mange generasjonar bak. Det er navet i slekta som dei ønskjer å føre vidare.

Det dei intervjua kvinnene er mest redde for med å verte bonde, er økonomien.

Nestleiar i Norsk Bondelag, Berit Hundåla, har sjølv drive gard i over 30 år, og kjenner seg att i argumenta til dei unge bondekvinnene.

– Det er skremmande å verte bonde. Eg skulle ønskje situasjonen for norske bønder var annleis. No er det berre eitt verkemiddel som skal til for å rekruttere både kvinner og menn til å verte bønder, og det er betre inntekt, seier Hundåla.

– Om bønder ikkje får betre inntekt, er det ingen ungdommar, verken jenter eller gutar, som ønskjer å overta garden.

– Auka inntekt er avgjerande

Berit Hundåla

Nestleiar Berit Hundåla i Noregs Bondelag på seminaret om kvinner i landbruket.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Og nestleiaren i bondelaget har full støtte frå Norsk bygdeungdomslag.

– Det er inga tvil om at inntekt er heilt avgjerande for om unge kvinner og unge menn skal gå inn i landbruket, seier bygdepolitisk nestleiar, Gunn Jorunn Sørum.

– Kvifor er det viktig med kvinner i landbruket?

– Eg trur jenter kan bringe med seg andre perspektiv, eit anna verdi- og erfaringsgrunnlag inn i landbruket. Kvinner er meir opptekne av kontakten med dyr, matkultur og det å gjere noko meir ut av garden som arbeidsplass.

Kathrine Kleveland

Kathrine Kleveland er leiar i Noregs Bygdekvinnelag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Kathrine Kleveland, leiar i Noregs Bygdekvinnelag, seier det ikkje er nok å berre få kvinner til å styre garden, men også å få fleire kvinner inn i leiiande stillingar i landbruket.

– Eg er oppteken å få fleire jenter heilt til topps i norsk landbruk for å påverke framtida vår og den matproduksjonen vi har i Noreg.