– Målsettinga var å ta flest muleg gullmedaljar. No har eg vunne alt eg har stilt opp i, seier friidrettstalentet frå Ulsteinvik til NRK Møre og Romsdal. Heile åtte gull vart det til slutt.
Her er merittane i helga for gullsteinvikingen, som representerer Dimna IL:
- Fredag: Gull i tresteg, 60 m hekk og 400 meter.
- Laurdag: Gull i høgde og 60 m
- Søndag: Gull på 200, lengdehopp og stafett
Sjølv om Karsten Warholm på førehand hadde bestemt seg for å vinne, gjekk det over alle forventningar.
– Eg er dritnøgd. Betre enn dette kunne det ikkje bli, seier Warholm. Han følte sjølv at han fekk ny energi for kvar øving og dermed kunne gi alt.
Knuser rekordane
– Han er den store forgrunnsfiguren, seier trenar og lagleiar Arve Hatløy til NRK. Karsten Warholm har i helga sett meisterskapsrekordar i nesten alt han har vore med på. Berre på 60 meter og 60 m hekk overlever dei gamle rekordane.
- Alt tyder på at han får bestemannspremien blant gutane, seier Arve Hatløy. Den får han anten for 400 meter-løpet på 49,73 eller for høgdehoppet på 2,05.
- Og kva er så grunnen til at ein 17-åring kan bli så god?
- Det er nok ein kombinasjon av eit unikt talent og målretta, seriøs trening, seier trenar Arve Hatløy.