Hopp til innhold

Bakarmeisteren saknar natta

58 år i same yrke, men om lag midtvegs i karrieren endra arbeidsdagane seg drastisk. Frå å vere ein fast nattarbeidar blei bakarmeisteren dagarbeidar – takka vere frys og kjøl.

Kåre Walderhaug

Bakarmeister Kåre Walderhaug har jobba som bakar i 58 år. Framleis held han det gåande, men det er nærmast aldri nattarbeid lenger.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Nokre har jobba natt gjennom kvart eit arbeidsår, andre har prøvd det ut før dei frivillig går over til «vanleg» dagjobb.

For Kåre Walderhaug er situasjonen ein heilt annan: Han måtte, eller fekk lov til å, slutte med nattarbeid fordi verda forandra seg.

76-åringen er nemleg bakarmeister.

Kåre Walderhaug

Kåre Walderhaug hugsar nattejobbing som noko kjekt og kollegialt.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Vil ikkje ruste

Baker Walderhaug i Ålesund, bakeri og konditori. Kåre Walderhaug har jobba der i 58 år.

– Eg har vore bakar heile livet. Eg starta i 1955 før eg reiste i militæret.

Dei fleste på Kåre Walderhaug sin alder har pensjonert seg. 76-åringen er framleis i jobb.

– Ei maskin som står stille rustar. Eg er svært glad i denne jobben og eg kjem til å halde på så lenge det er kjekt.

Baking

I dag jobbar bakarane på dagtid hos Baker Walderhaug i Ålesund.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Stille og fredeleg

Men tidene har forandra seg.

– Gjennom dei første 30 åra var det alltid nattarbeid. Det var natt i alle fall torsdag, fredag og natt til laurdag. Vi byrja i 11-tida og var ferdige om morgonen.

– Det var ei fantastisk tid. Det var stille og fredeleg og ikkje éin einaste telefon.

I 60-åra kom det sakte, men sikkert både frysarar og kjøleskap, seier bakarmeisteren.

– På kva tidspunkt slutta du heilt med nattarbeid?

– Det er vel litt under 20 år sidan, på midten av 90-talet. Her på bakeriet er det berre nattarbeid før spesielle dagar som påske, 17. mai, jul og liknande.

Mimrar tilbake

Som 76-åring synest Walderhaug det er greitt å sleppe nattarbeidet. Likevel saknar han det.

– Det kom bakarar frå øyane, med siste ferja. Det var kjempefint. Vi høyrte på radioen og det kom mange turistar innom for å kike. Hurtigruta la nemleg til kai klokka kvar på tolv, så det var populært å kome hit.

Baker Walderhaug ligg nemleg på kaia i Ålesund, så Hurtigrutereisande er framleis innom bakeriet.

– Men no står ting på kjøl og frys. Det vi gjorde om natta tidlegare blir gjort mot slutten av dagen no.

Samstundes legg ikkje det til like mange Hurtigruter om natta lenger.

Saka held fram under grafikken.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Då nattarbeid blei ulovleg

Men før var det absolutt nødvendig med nattarbeid for bakarar.

– Eg hugsar at det kom nokre nye reglar ei stund, der det blei forbode å jobbe om natta. Berre legar, politi, brannvesenet og slikt fekk lov.

– Dette var vel i 60-åra ein gong. Då køyrte vi og henta bakarane. Éin av dei hadde motorsykkel så han måtte alltid hentast i bil for å ikkje bli oppdaga, gjenfortel Walderhaug.

Akkurat då var det heilt nødvendig å omgå reglane.

– Eg hugsar at vi kunne ha éin bakar før seks for kvar fjerde bakar for å førebu, seier bakarmeisteren og ristar på hovudet.

– Det var vel slike som sit på kontor og byrjar i nitida og sluttar i firetida som lagar reglane, legg han til med eit glis.

Bjørn Bjorvatn

Professor og søvnekspert Bjørn Bjorvatn er klar på at yngre taklar nettarbeid betre enn vaksne.

Foto: Anders Leines / NRK

– Litt greitt å ha dagen ...

Søvnekspert Bjørn Bjorvatn er klar på at dess eldre ein blir, dess vanskelegare blir nattarbeid.

Akkurat difor klagar ikkje Walderhaug så høgt over manglande nattarbeid.

– Eg vil ikkje helst jobbe om natta no, trur eg. Men då eg var litt yngre var det best. Det var meir avslappande då. No er det litt greitt å ha dagen ...

Likevel er Kåre Walderhaug ein ringrev når det kjem til nattarbeid.

– Har du nokre gods tips til noverande og komande nattarbeidarar?

– Ein kan ikkje kvi seg. Ein må tenkje at slik er det, og at det er normalt, avsluttar bakarmeister Walderhaug.