Hopp til innhold

Ukjent mann knytte fast ungguttar

Politiet i Kristiansund jaktar på ein namngitt mann, etter at to unggutar i natt blei funne bunden på hender og føter.

Her skal gutane ha blitt knytte fast

Her skal dei to gutane ha blitt knytte fast, den tredje skal ha gøymt seg.

Foto: Brunsvika.net

Politiet jobbar laurdag ettermiddag på spreng for å finne ut eksakt kva som skjedde før to unggutar blei funne fastknytte med tau like ved ei busslomme ved Nordsundbrua på Goma i Kristiansund i natt.

Fleire tips

Tett trafikk inn til Kristiansund

Det er tett trafikk forbi staden der gutane skal ha blitt knytte fast. Politiet fekk natt til laurdag fleire telefonar frå forbipasserande.

Foto: Brunsvikanet

Telefonar frå fleire forbipasserande på riksvegen gjorde at politiet rykte ut like før klokka eitt i natt.

– Akkurat no snakkar vi igjen med ein av gutane. Dei to andre kjem vi til å snakke med seinare i dag, seier operasjonsleiar Odd Nygård ved Nordmøre politidistrikt laurdag ettermiddag.

Politiet hadde i 23-tia laurdag kveld ikkje tatt hand om gjerningsmannen.

To bundne med tau

Ifølgje politiet blei ein gut funnen knytt fast med tau til eit trafikkskilt. Ein annan gut var bunden saman på hendene og føtene. Den tredje kom fram frå skjul då politiet kom.

– Gutane var tydeleg bevega etter det som skjedde, men takla det bra, og blei ikkje fysisk skadde, seier operasjonsleiar Odd Nygård ved Nordmøre politidistrikt.

Var neppe maskert

Ifølgje politiet har gutane hatt vanskeleg for å gje eit skikkeleg signalement av mannen, og dei har forklart at dei ikkje veit kven han er.

– Gutane har fortalt at mannen hadde mørke klede, men har hatt vanskeleg for å gje eit skikkeleg signalement av han. Vi trur ikkje han hadde maskert seg, seier Nygård.

Leitar etter namngitt mann

Politiet på Nordmøre har førebels ikkje kalla inn ekstramannskap, men leitar no etter ein namngitt ung kristiansundsmann. Politiet er forsiktig med opplysningar om saka, og vil ikkje seie meir om denne mannen.

– Det er ei spesiell sak, vi strevar med å finne ut kva som har skjedd. No leitar vi etter ein namngitt person, og det kan bli aktuelt å kalle ut ekstramannskap dersom saka utviklar seg, seier operasjonsleiar Odd Nygård ved Nordmøre politidistrikt.

Vil avhøyre unggutane igjen

Ifølgje politiet var dei tre kameratane i lange samtalar med politiet natt til laurdag, og planen er å halde fram samtalane når gutane har kvilt seg.

– Er det grunn til å tru at gutane har provosert nokon?

– Nei, vi har ingen grunn til å tru det, seier Nygård.