I løpet av våren 2013 vil Møre og Romsdal fylke passere 260.000 innbyggarar. Mykje tyder på at og veksten vil halde fram.
Ei pressemelding frå fylkeskommunen viser framskrivingane i dei nye fylkesprognosane som synleggjer denne utviklinga.
I Møre og Romsdal er folketalsutviklinga sterkt knytt til arbeidsinnvandring frå utlandet, særleg frå Polen og andre austeuropeiske land samt frå Skandinavia. Overvekta av desse er menn i arbeidsdyktig alder.
– Om desse blir verande i Møre og Romsdal med familiane sine, og om arbeidsinnvandringa vil halde fram, er komplisert å talfeste i framskrivingane våre, seier fylkesplansjef Haugen.
Han seier i tillegg at åleinebuande og par utan born vil ha eit auka bustadbehov på om lag 30 prosent fram til 2030.
Bustadbehov
– Tala viser at vi treng nærare 25 000 ny bustader i fylket fram mot 2030, ein auke på om lag 20 prosent. I tillegg kjem behovet for å erstatte gamle bustader. Dette inneber at vi må auke utbyggingstakta i forhold til dei seinare åra, noko som betyr at kommunane i endå større grad må legge til rette for attraktive utbyggingsområde.
Prognosane viser at det særleg er i aldersgruppene over 60 år at behovet for nye bustader er stort.
Mange av desse har allereie bustad, og om det ikkje vert bygd nye bustader for dei, eller dei ikkje ønskjer å flytte, vil mangelen på bustader forplante seg nedover i aldersgruppene.
Saken held fram under figuren
Vekst i arbeidsstyrken
Prognosane viser at Møre og Romsdal kan vente vekst i arbeidsstyrken fram mot 2030 på over 20 prosent og at fylket i same perioden kan vente ein vekst på over 30 prosent i aldersgruppa 60–90 år.
– Veksten i arbeidsstyrken føreset i stor grad at utviklinga i næringslivet og arbeidsmarknaden elles held fram. Det igjen er avhengig av korleis dei internasjonale konjunkturane påverkar utviklinga i Møre og Romsdal, seier fylkesplansjefen.