Hopp til innhold

Ingen plan om bankkort på buss

Har du eit ønskje om å betale med bankkort kvar gong du tek buss i fylket? Då må du smørje deg med tolmod.

Buss

Ut på busstur? Då er det ikkje alltid du får betalt med bankkort.

Foto: NSB

Bankkort har teke over for kontantar for lengst, og færre og færre har kontantar i lommeboka.

På bussane kan det bli eit problem.

For Møre og Romsdal fylkeskommune vil helst at flest mogleg brukar Kollektivkort eller kontantar. Dermed finst der ingen konkrete planar om å ha bankterminalar på alle bussar.

Det er rett og slett ikkje effektivt nok, meiner rådgjevar Bjørnar Kvalsnes i samferdsleavdelinga i fylkeskommunen.

Bjørnar Kvalsnes

Bjørnar Kvalsnes meiner kvaliteten på bankterminalane er for dårleg.

Foto: Svein Magne Harnes

– Ikkje god nok teknisk kvalitet

– Det tek lenger tid for kvar transaksjon ved bruk av bankkort samanlikna med kontantar og kollektivkort, seier Kvalsnes til NRK.

– Men bankterminalane ein har i dag har heller ikkje god nok teknisk kvalitet.

Likevel kan det by på store problem for dei kontantlause på mange bussar i fylket.

Berre ekspressbussane og flybussane har betalingsterminalar for kort.

Saka held fram under bildet.

Kollektivkort

Slike kollektivkort vil fylkeskommunen at flest mogleg skal bruke.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK
Buss til Ellingsøya i Ålesund

Kontantar eller ikkje kontantar? Berre flybussen og ekspressbussane har bankterminalar der ein kan betale med bankkort.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Forstår frustrasjonen

På alle andre bussar må ein fram med kontantar eller kollektivkort.

– Vi har gjort eit val, og det skal vere lett for publikum å vite kvar dei kan bruke bankkort hen.

– I først omgang valde vi å innføre bankterminalar på flybuss, der det er mange tilreisande, og på ekspressbussane som er limet i fylket, fortel Kvalsnes.

Likevel forstår han alle reisande som har eit klart ønskje om å reise kontantfritt.

– Ja, det forstår eg, og eg brukar veldig lite kontantar sjølv. Vi jobbar med effektive betalingsmåtar, og i vår lanserer vi ein web-portal der folk kan fylle på kollektivkort. Det håper eg kan gjere det enklare for folk å kjøpe billettar og reise kollektivt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL