Hopp til innhold

Hamna midt i ein massakre i Kenya

Ekteparet Ingunn Klepp og Jostein Bjørndal frå Volda hamna midt i ein militær massakre i Kenya i 1984. I dag fortel dei historia si i programmet «Den gode viljen».

Den gode viljen

I dag fortel ekteparet Jostein Bjørndal og Ingunn Klepp om den rystande hendinga, då dei hamna midt i ein militær massakre i Kenya i 1984. Dei fortel om dette i programmet «Den gode viljen» på NRK1 kl. 21.30 i dag.

Foto: NRK

I tillegg til å vere hjelpearbeidarar blei Klepp og Bjørndal også augnevitne og varslarar. Men blant styresmaktene blei massakren, der kanskje 3000 menneske blei drepne, dyssa ned.

► Sjå i Nett-TV: Programmet «Den gode viljen» frå kl. 21.30

– Gjere noko meiningsfylt

Ekteparet frå Volda reiste med Fredskorpset til Kenya i 1983 og var der fram til 1986. Der arbeidde dei på ein norsk barneheim. Kenya var eit av landa som tok imot mest bistandshjelp frå Noreg.

Vi hadde ein tanke om å gjere noko som var meiningsfylt, seier Ingunn Klepp.

På barneheimen budde det i stor grad barn som hadde kome bort frå foreldra sine.

Barneheimen i Wajir

Den norske barneheimen i Wajir.

Foto: Jostein Bjørndal/Ingunn Klepp

– Vi såg røyken stige opp

Kenya var eit militærdiktatur på dette tidspunktet, styrt av president Daniel Arap Moi. Årleg tok imot Kenya 162 millionar kroner i norsk bistandshjelp.

Kleppe og Jostein Bjørndal arbeidde i provinsen Wajir. Dette er eit område med ein undertrykt somalisk minoritet. 10. februar 1984 kom eitt av barna springande til Jostein Bjørndal. Barnet kunne fortelje at hus sto i brann.

– Vi såg røyken som steig opp frå husa. Vi høyrde skot. Det var både automatvåpen og enkeltskot. Det var ein skremmande situasjon, fortel Jostein Bjørndal.

Wajir

Her stig røyken opp frå husa i Wajir. Massakren har byrja.

Foto: Jostein Bjørndal

Mange blei drepne

Denne dagen hamna ekteparet frå Volda midt i ein militær massakre. Dei blei vitne til omfattande overgrep. Mange av mennene i området blei tekne til fange på ein flyplass. Fangar som flykta fortalde om tortur og drap.

Ingunn Klepp fortel om soldatar som for fram som ville. Hytter blei sett i brann. Ho klarer ikkje å halde tårene attende når ho les i dagboka om dei grufulle hendingane.

Klepp og Bjørndal drog ut til området der mennene sat fanga.

Vi leitte etter overlevande. Ein gong fylte vi opp bilen med 18 personar. Vi køyrde så fort som mogleg tilbake for å få dei på sjukehus. Vi visste ikkje kvar soldatane var, vi kunne berre håpe på å kome fram utan å treffe på dei, fortel Kleppe i programmet «Den gode vilje».

Køyrde folk til sjukehus

På ein av desse turane blei dei stoppa i ei vegsperring. Soldatane kravde at passasjerane skulle ut av bilen.

Ingunn Klepp

Ingunn Klepp.

Foto: NRK
Jostein Bjørndal

Jostein Bjørndal.

Foto: NRK

Vi nekta å setje dei av, og fortalde at vi var frå Røde Kors. Soldaten blei brysk og pressa geværet mot hovudet mitt. Eg visste at dei som var i bilen kom til å bli avretta om vi ikkje køyrde. Vaktene var væpna. Men eg tok ein sjanse. Eg starta bilen og køyrde. Soldatane blei forvirra, og gjorde ingen ting.

Dei skadde mennene blei køyrde til sjukehuset. Ikkje alle overlevde.

Vi fekk vite i ettertid at nokre blei avretta. Men eg veit også heilt positivt at ein av dei som var i bilen den gongen overlevde. Det er eg glad for, seier Klepp.

– Saka blei dyssa ned

Ingen veit nøyaktig kor mange som blei drepne ved denne flyplassen. Det offisielle talet frå kenyanske styresmakter er 57. Uavhengige kjelder opererer med tal som varierer frå 1400 til 3000.

Etter denne hendinga reiste Bjørdal og Klepp til Nairobi for å varsle styresmaktene om massakren. Men paret følte ikkje at saka blei teken på alvor.

Nokre hadde øyre for det vi sa. Andre hadde vanskar med å oppfatte kva det dreia seg om. Det er mogleg at denne historia var «eit hår i suppa», seier Klepp.

– Slett behandling

Jostein Bjørndal gjekk også til media med saka, og skreiv bok om opplevingane i Kenya. Til Dagsrevyen sa han i 1988 at han hadde forventa at massakren skulle føre til ein kraftig norsk reaksjon overfor kenyanske styresmakter.

– Det har vore ei slett behandling av Wajir-saka frå norske styresmakter, sa Bjørndal til NRK den gongen.

Kenya er eit hovudsamarbeidsland når det gjeld norsk bistand. Same året som massakren blei gjort, tok imot Kenya 168 millionar kroner frå Noreg. I boka si stiller Jostein Bjørndal spørsmål ved om Noreg støttar opp om diktaturet.

Det må i alle fall vere lov å stille det spørsmålet., på bakgrunn av den unfallenheit som norske styresmakter har vist i denne saka, sa Bjørndal.

Jostein Bjørndal

Jostein Bjørndal som hjelpearbeidar tidleg på 80-talet.

Foto: Ingunn Klepp

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL