Hopp til innhold

Skadd kvalross i Kristiansund

Ein kvalross har forvilla seg inn i Kristiansund sentrum, der den blei liggjande på ei flytebrygge. – Ein skal ikkje spøke med desse dyra, åtvarar akvarist Rune Veiseth ved akvariet i Ålesund.

Kvalross i Kristiansund

Denne kvalrossen forvilla seg måndag 31. desember inn i kaiområdet i Kristiansund sentrum. Ifølgje augevitne var éin av luffane skadd og eine av dei to karakteristiske framtennene knekt.

Foto: Kai Helge Andersen

– Den var ikkje redd heller. Den sumde fram og tilbake, og då éin av personane skulle ordne noko i båten sin 3–4 meter unna, så låg den berre og fresa.

Det seier Kai Helge Andersen, som var på Dalabergan i Kristiansund på nyttårsaftan.

Grunnen var eit heller uvanleg syn på våre trakter: nemleg ein kvalross.

Kai Helge Andersen

Kai Helge Andersen såg kvalrossen i Kristiansund på kort avstand. Han fortel om eit skada og roleg dyr.

Foto: Privat

– Verka ikkje redd

Ifølgje fleire augevitne på staden var éin av luffane på kvalrossen skadd. I tillegg var kanskje éi av framtennene til kvalrossen knekt.

– Men dei er jo ofte fulle av skadar, seier Andersen, som meiner kvalrossen var ei ung utgåve på minst 400 kilo.

Han fortel at kvalrossen er heller roleg, og at ein kunne ta bilde av den på relativt nær avstand.

– Den verka ikkje redd. Men om den blir her til i morgon er vanskeleg å seie. Nokre prata om å tilkalle viltnemnda og få den avliva, men det bør ikkje dei gjere meiner eg.

Saka held fram under videoen.

– Noko må ha skjedd med den

Rune Veiseth

Rune Veiseth ved akvariet i Ålesund er klar på at noko må ha skjedd med kvalrossen sidan den er i Kristiansund.

Foto: Privat

Det er svært uvanleg med kvalross på våre trakter. Likevel er det ikkje første gong at det arktiske dyret er i i Noreg – eller Møre og.

– Det var vel litt under to år sidan det var ein stor kvalross innom både Lepsøya, Dimna og Sandsøya, hugsar akvarist Rune Veiseth.

Han jobbar ved Atlanterhavsparken i Ålesund. Veiseth kan kanskje fortelje litt på veg kvifor det kolossale dyret er i Kristiansund.

– Noko må ha skjedd med den, for dette er utanom det vanlege.

– Den er kanskje utstøytt, på jakt etter mat, eller så har det rett og slett rabla for den. For ein kvalross skal ikkje vere her nede, slår akvaristen fast.

Åtvarar mot å bli nærgåande

Dyret er vanlegvis funne på Svalbard, på Grønland og i Barentshavet. I Kristiansund har dyret blitt liggande på ei flytebrygge like før 2012 blir til 2013.

Dyret skal også vere skadd.

– Men dyret legg ikkje ut på langtur om det er veldig skadd. Om det er saka kan den ha blitt skadd her.

– Er det vanleg at kvalrossar er rolege?

– Det ligg stort sett på land og kviler. Men det spørst veldig om den er roleg om folk går nær. Det er ikkje naturleg, og då må noko vere gale, meiner Veiseth.

– Dette er svært farlege dyr om folk går for nære og dyret blir skremt. Dette er ikkje ein vanleg steinkobbe. Desse blir verkeleg sinte om dei har ein dårleg dag, så ein skal verkeleg ikkje spøke med dei. Eg håper folk held god avstand.

Viltnemnda?

Veiseth fortel at dette òg kan dreie seg om ein slått hann.

– Dei slåst mykje, så denne kan ha vore i krigen og tapt. Utstøytt, med null håp om dame, humrar han, før han blir meir alvorleg:

– Om viltnemnda skulle vore tilkalla veit eg ikkje. Kvalrossen er der på eigen vegner, og så lenge den ikkje skaper problem eller er alvorleg skadd, så kan den klare seg sjølv.

– Slikt skjer frå tid til anna, avsluttar han.

Kva tenkjer du om at ein kvalross har tatt turen til Kristiansund på nyttårsaftan?