Hopp til innhold

Slik skal juletreet vere i år

Plast, gran eller furu? Du har kanskje allereie avgjort kva juletre du vil ha, eller så skal det kjøpast eller setjast opp. No viser det seg at mange tidlegare plastmotstandarar har kjøpt seg eitt.

Du har kanskje bestemt deg allereie? Plast, gran, eller furu?
Det viser seg at mange tidlegare motstandarar av plast har kjøpt seg eit. Men dei som sel gran og furu føler seg likevel ikkje truga.

Plast eller naturtre? Det er eit spørsmål mange må svare på i jula.

– Eg kjem ikkje til å kjøpe eit slikt tre. Det er heilt sikkert.

Det seier Kjell Skårbrevik om juletre i plast, tre han i desse dagar sel mange av. Han er dagleg leiar i Bohus Ålesund.

Sjølv om han vil ha naturtre, er det flust av folk som vil ha plast.

Kjell Skårbrevik

Kjell Skårbrevik sel plasttre som han meiner er idiotsikre.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Idiotsikkert

Enkle å montere, klar med lys og fot. Ofte kan dei berre klikkast saman til eitt prangande grønt eksemplar.

– Det er idiotsikkert, meiner Skårbrevik.

– Det spesielle i år er at dei dyraste og mest naturtru plasttrea har gått først. Dei er vi faktisk tomme for, held han fram.

– Kva kostar dei då?

– Dei har kosta 4500, fortel Skårbrevik.

Robin Jørgensen

Robin Jørgensen fortel at dei sel mykje edelgran.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Edelgran er populært

For somme er val av juletre enkelt, ein kjøper det ein kjem over eller hentar ned eit plasttre frå loftet.

For andre er det alvorleg og tidkrevjande. Lange tradisjonar, ut i skogen og inn igjen med eit juletre tufta på arbeid.

I seinare år har kjøpt edelgran blitt populært.

– Edelgrana her borte går det nok mest av, fortel juletreseljar Robin Jørgensen, og peikar på ei rekkje av mørkegrøne tre.

– Dei høgste er vel litt dyrare enn dei lågaste. Men trea går vel frå 500 kroner og oppover, fortel han.

Saka held fram under bildet.

Sigrun Nystøyl

Sigrun Nystøyl har lange tradisjonar med furutre.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Kun hatt plast

Evy Sjåstad

Evy Sjåstad har svore til plasttre i mange år.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Men fleire vel plast. For Evy Sjåstad er valet enkelt.

– Eg har berre hatt plast heile tida. Det er ikkje kjedeleg. Ein kan berre spraye dei litt, og så får ein lukta òg, smiler Sjåstad.

For Sigrun Nystøyl er det derimot lange tradisjonar som står bak trevalet. Ho sver til furutre.

– Eg er vant med det frå barndommen av, då vi gjekk i skogen og henta furu.

– Det har blitt tradisjon i vår heim òg. Går eg over til noko anna blir det protestar. Eg kan ikkje tenkje meg å gå over til plast. Eg har vurdert det, men det blir ikkje det same, meiner ho.

Saka held fram under bildet.

Kenneth Lade

Over 2000 juletre sel Kenneth Lade kvar jul.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Juletreseljaren klarer seg fint

Tradisjonar er Kenneth Lade glad for. Han sel tre kvar jul.

– Desse kjem frå Tomrefjorden og er frå ein juletreprodusent vi har handla med i mange år, seier Lade.

Kenneth Lade

Kenneth Lade meiner dei fleste framleis vil ha naturtre.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Tre i alle fasongar og ulike grønfargar blir lempa på lasteplan, godt innpakka og klare for å pryde heimane til folk. Men kva tenkjer han eigentleg om plasttre?

– Du skal ikkje spørje ein juletreseljar om slikt, humrar han.

– Nei, trenden med plastikktre har kome meir og meir og trea har blitt finare. Men hovudtyngda vil framleis har norske, levande tre, avsluttar han.

Kva juletre brukar du eller familien å ha i jula? Og er val av juletre viktig for deg?

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL