Hordaland fylkesting
Mange hadde sett for seg at valet i 2007 kom til å verta det siste ordinære fylkestingsvalet. Men regjeringa sine planar om ei regionreform med nye og slagkraftige regionar på plass i 2010 ser ut til å bli ein fiasko.
Publisert 15.06.2007 10:06. Oppdatert 03.07.2007 08:13.
- Skriv ut
Hordaland Fylkesting
Folketal: 456 711
Ordførar: Torill Selsvold Nyborg
Tid for resultat: Uklart
Lister ved valget:
Arbeidarpartiet
Demokratane
Fremskrittspartiet
Høgre
Miljøpartiet dei grøne
Noregs kommunistiske Parti
Kristent Samlingsparti
Kristeleg Folkeparti
Kystpartiet
Raud Valallianse
Senterpartiet
Sosialistisk Venstreparti
Pensjonistpartiet
Venstre
Fylkestinget 1999-2003:
Ap - 18
FrP - 11
H - 13
KrF - 9
Sp - 5
Sv - 5
V - 3
PP - 1
Rv - 2
Fylkestinget 2003 - 2007:
Ap - 13
FrP - 13
H - 11
Sv - 6
KrF - 5
Sp - 4
V - 2
RV - 2
Pp - 1
For det første synest rikspolitikarane å vera lite villige til å gje frå seg makt til eit nytt regionalt nivå. For det andre så er det strid mellom dei noverande fylka om korvidt dei skal vera med i den eine eller andre regionen. Og for det tredje så seier eindel av fylka i vedtak at dei IKKJE ynskjer ei samanslåing med andre fylke til region.
Her på Vestlandet vil korkje Rogaland eller Sogn og Fjordane vera med i ein ny region med Bergen som "hovudstad". Skal det bli ei regionreform må etter alt å døma staten/stortinget diktera både grenser og kva oppgåver regionane skal ha ansvar for.
Fylkeskommunen sine oppgåver i dag er knytt til desse hovudområda:
- Vidaregåande opplæring
- Tannhelsetenesta
- Samferdsel - prioritering av riksvegtiltak og kollektivtrafikk
- Næringsutvikling
- Regional utvikliing.
Fylkeskommunen og val av fylkesting har aldri skapt begeistring og engasjement hos veljarane. Kankje er det fordi folk flest veit lite om kven og kva dette politiske organet jobbar med. Dessutan har partia i stor grad satsa på "avdanka/oppbrukte" lokalpolitikarar.
Sett utanfrå kan det virka som om eit sete i fylkestinget er eit ærefult verv a la overhuset i Storbritannia. Og samansetjinga av Hordaland fylkesting er ikkje nett prega av unge, lovande og engasjerte politiske talent. Det er helst tidlegare ordførarar og trugne partitenarar som får eit sete i fylkestinget.
Kandidatar
Det kan og virka som om det er godt å sitja på Fylkestinget. Dei aller fleste partia har nøyaktig dei same toppkandidatane som dei hadde for 4 år sidan. Unntaket er Sosialistisk Venstreparti som satsar på kvinnene.
Magnar Lussand toppar SP si liste, og Terje Søviknes er på topp hos FrP. Torild Selsvold Nyborg er igjen på topp i KrF. Venstre satsar nok ein gong på Harald Hove, medan Tom Christer Nilsen får første plassen hos Høgre. Gisle Handeland er fylkesordførarkandidat for AP.
I alt 14 lister kan veljarane velja mellom ved fylkestingsvalet.
Jokeren i år som ved tidlegare val blir etter alt å døma KrF. Dei kjem lett i vippeposisjon og veit å nytta det for alt det er verdt. Difor har dei i dag fylkesordføraren.
Men ingen veit kven KrF veljer å samarbeida med denne gongen. Det einaste som er sikkert er at dei sel seg dyrt enten det no blir dagens konstellasjon som går vidare (KrF, H, FrP) , eller dei vel å samarbeida til venstre i lag med AP, SV og SP.
Nyhetsarkiv Hordaland
–Lei av å skrive idiotiske attester - Domsavsigelse først etter sommeren
- Bergen blir hardt råka viss streik
- Sette rekord på Dalen Oens bursdag
- Austin fikk karantene
- Mekling på overtid
- Storbrann startet på kjøkkenet
- På revansjetokt mot Aafk
- Søker fremdeles etter 19-åring
- Kjørte i fjellveggen i Åsane
- Samlet inn penger til Nathan
- 23-åring arrestert for datatyveri
- Kan verte transportstreik
- Fant ett kilo dynamitt på E 39
- Kranglet om gammel krangel på lufta
- Kritisk skadd etter ulykke på Sotra
- Her går Nathan i 17. mai-tog
- Slik var feiringen i Bergen
- 19-åring savnet etter båtulykke
- Brann i hotell i Bergen
- Billettrush etter Lillestrøm-kampen
- Nathan får feire 17. mai i Norge
- Hun er byens eneste skolepsykolog
- Rekordmange katolikker i Norge
- Vil igjen plante skog langs kysten
- Leieboer truet huseier med kniv
- Rykket ut til mulig kidnapping
- – «Dreams» driver ulovlig reklame
- Krasjet med Bybanen
- Bergenspolitikerne ber for Nathan
- Fylkesmannen: Nei til firefeltsbro
- Kan ha rygget 19 km på E39
- Bergensbanen er åpnet igjen
- Ordfører fikk melkeku på døren
- Vurderer å tømma ubåt-kvikksølvet







