Hopp til innhold

- Kan bryta ei trend

Det er 82 år sidan Brann vann ein cup-kamp på bortebane mot Viking. Leiaren i Brann-bataljonen har tru på søndagens kamp.

Roger Lillebøe-Hansen

Roger Lillebøe-Hansen er leiar i Brann-bataljonen.

Foto: Privat

På søndag møter Brann Viking på bortebane i kvartfinalen i cupen.

– Eg var litt pessimist før kampen, men når eg høyrer at me ikkje har vunne der i cupen på over 80 år, så blir eg straks mindre pessimist. Det er akkurat slik statistikk me liker å slå. Me har store moglegheiter for å bryta ei trend, seier leiar for Brann-bataljonen, Roger Lillebøe-Hansen.

– Ei tøff oppgåve

– Det er ei stund sidan, seier trenar Rune Skarsfjord om cupstatistikken mot Viking.

– Skjer det noko anna på søndag?

– Det får me sjå. Er me god nok så gjer det det. Det er ei tøff oppgåve, og det er vinn eller forsvinn så me stasar på det første, seier Skarsfjord.

Sjå kva Rune Skarsfjord og Fredrik Haugen seier om søndagens kamp:

Video be3a822d-8f08-4f33-8a50-149683282766.jpg

Brann ligg også på andreplass på tabellen i serien, men no er det cupen som gjeld.

– No berre cupen som tel for det er neste kamp. Me gler oss veldig til kampar. Det blir store utfordringar, men det gir motivasjon, seier Skarsfjord.

Laget har overraska bataljonen

Mange er overraska over at Bergen har gjort det bra i det siste. Brann-bataljonen er også blitt overraska.

– At dei har kome så kraftig no i det siste er overraskande på dei fleste, men me trudde aldri at dei skulle ligga så langt nede som det blei spådd, seier Roger Lillebøe-Hansen

– Me har sett at laget har ein krigarmentalitet og ein opp-og-fram-mentalitet hos mange nye unge spelarar. Med den krigarinnsatsen der kunne me hamna mykje høgare enn det som var spådd, seier Lillebøe-Hansen.

Han og resten av Brann-bataljonen er klare for kampen på søndag, og nesten 600 supporterar reiser til Stavanger for å få med seg kampen.