22.12.2009

Nådde ikkje opp

Erik Huseklepp (Foto: Marit Hommedal /Scanpix)

Svenske og englandsproff stakk av med Kniksen-prisane. Men framleis håp for prisar til Huseklepp.

Ein skal halda tunga rett i munnen for å halda styr på alle prisane som vert delt ut når fotballen feirar seg sjølv etter sesongslutt.

Folkejuryar, klubbane og spelarane sjølv skal alle gjennomføra sine kåringar. Men i dei fleste samanhengar går ein mann att - Erik Huseklepp.

Men trass i at Sandsli-karen var nominert til Gullballen, årets mål, årets angripar og årets Kniksen, har det sålangt berre vorte nesten for Huseklepp.

Slått av siddis og svenske

Rade Prica etter hattrick mot Lyn (Foto: Gorm Kallestad/Scanpix)

Kniksen-vinnar: Rade Prica.

Foto: Gorm Kallestad/Scanpix

I dag vart Kniksen-prisane, som er Norsk toppfotball sine prisar, delt ut i samband med cupfinalen. Rosenborg-spiss Rade Prica snaut ikkje berre Huseklepp for toppskårartittelen, han vart og tildelt prisen som årets angripar.

Fulham-proffen Brede Hangeland stakk som venta av med den andre Kniksen-prisen Huseklepp var nominert til, og for femte gong på rad gjekk "Årets Kniksen" til ein utanlandsproff.

Brede Hangeland (Foto: Lise Åserud/Scanpix)

Kniksen-vinnar: Brede Hangeland.

Foto: Lise Åserud/Scanpix

Fredag var det Cecilie Pedersen og Mads Hansen som tukta Brann-spelaren i kampen om Gullballen og årets mål.

Fleire kort på handa

Men Huseklepp har framleis fleire sjansar til å få fylt opp premieskapet. Han er blant dei tre som har fått flest røyster i kampen om fire av spelarorganisasjonen NISO sine prisar.

Bergensaren kjempar om verta årets norske spelar, årets spelar i Eliteserien, årets profil og kåringa for årets prestasjon. I dei tre førstnemnde kåringane er det spelarane sjølv som røystar fram vinnaren.

Prisutdelinga foregår på Grand Hotel klokka 20.30 i kveld.

Då får ein svaret på om Huseklepp når opp eller om det igjen berre vert nesten...

Desse vart Kniksen-vinnarar:

  • Årets målvakt: Jon Knudsen, Stabæk
  • Årets forsvarsspelar: Knut Olav Rindarøy, Molde
  • Årets midtbanespelar: Makhtar Thioune, Molde
  • Årets angrepsspelar: Rade Prica, Rosenborg
  • Årets trenar: Kjell Jonevret, Molde
  • Årets dommar: Kristoffer Helgerud
  • ÅRETS KNIKSEN Brede Hangeland, Fulham

Desse vann prisar under Gullballen:

  • Årets kvinnelege dommar: Monica Larsen, Bækkelaget
  • Årets mannlege dommar: Kristoffer Helgerud, Lier
  • Årets fairplay-pris, menn: Geir Ludvig Fevang, Start
  • Årets fairplay-pris, kvinner: Lene Storløkken, Team Strømmen
  • Talentprisen: Ruben Yttergård Jensen, Tromsø
  • Beste spelar i TK Futsalliga: Stian Reinertsen, Nidaros
  • Årets mål: Mads Hansen, Mjøndalen
  • Årets kvinnelege fotballspelar: Isabell Herlovsen, Kolbotn
  • Årets mannlege fotballspelar: Brede Hangeland, Fulham
  • Grasrotprisen: Kolstad IL
  • Årets trenar: Ståle Solbakken
  • Gullballen: Cecilie Pedersen, Avaldsnes
  • Kniksens Hederspris Karen Espelund

10 SISTE SPORT

Siste: Bildegallerier

Riksnyheter

Rikssport

Siste: Sport Hordaland

Siste: Vestlandet