Hopp til innhold

Klar for nye sprell

Erik Huseklepp er tilbake i Brann-troppen som reiser til Stavanger.

Erik Huseklepp
Foto: BENOIT DOPPAGNE/JOHN THYS / AFP

Det har vore ein keisam vår for høgrekanten, som skreiv under på ein ny kontrakt med raudtrøyene i vinter.

- Eg har heilt klart sakna fotballen, og det er kjekt å vera tilbake, seier Huseklepp til NRKHordaland.no

Eit brot i ankelen har sett Huseklepp ut av spel sidan treningskampen mot Malaga 13. mars.

- Joker og matchvinnar

Han var tilbake i cupkampen mot Loddefjord, då fekk han femten minutt som innbyttar. I seriekampen mot Vålerenga 16. mai fekk bergensaren ikkje vera med i troppen.

Når Brann møter Viking i morgon meiner derimot Mons Ivar Mjelde at lysluggen er klar til å spela på det øvste nivået att.

- Erik spelar ikkje frå start, men er med i troppen. Han er absolutt ein kapabel joker og matchvinnar, seier Mjelde til Brann-TV.

Dermed kan det verta duka for nye Eliteserie-sprell frå den leikne høgrekanten.