Hopp til innhold

Radio Røynda er tilbake

Bartefjesa i populærorkesteret Finn-Erix er på vegen - og lufta i igjen.

Radio Røynda
Foto: NRK

Mens alle andre tek ferie, sørgjer dei tre bartefjesa i populærorkesteret Finn-Erix for ein ny dose «intelligent liv frå baksida av Vestlandet».

Kvar torsdag og fredag i sommar serverer d’herrer Finn Tokvam, Halvor Folgerø og Erik Lothe radioreality på NRK P1. Den uslåelege kombinasjonen av musikk og humor høyrer du torsdagar og fredagar i «Norgesglasset» og i «Hordaland i dag».

Radio Røynda på Nebbet
Foto: NRK

I fjernsynet igjen

Samstundes har opptaka til ein ny sesong med «Radio Røynda» på tv starta. Til hausten er dei velkledde herrane tilbake i ruta med fire program. 

Heiskonsert med Natalie Nordnes og beroligande musikk for basehopparar på Voss er allereie på band. Elles står forfattarar og musikarar frå øverste hylle på gjestelista. 

Variasjon - verdt bryet?

Radio Røynda
Foto: NRK

Populærmusikarane freistar mellom anna med programpostar som «Finn-Erix In Symphony», «Nedlagte nærbutikkar» og «Heizann - heismusikk tatt på alvor». I spalta «Sex & samliv med Bente Træen»  tek dei opp tema som «variasjon - verd bryet?»

Kort sagt: Det blir topp underhaldning sommar og haust!