Hopp til innhold

Gjev pris til Linda

Kulturdepartementet heidrar den språksterke NRK-reportaren Linda Eide.

Linda Eide
Foto: Geirmund Henjum / NRK

NRK-medarbeidar Linda Eide har fått den første prisen for nynorskjournalistar frå kultur- og kyrkjedepartementet. Prisen vart delt ut under Dei nynorske Festspela i Ørsta torsdag 22.juni.

Fryd å høyre på

– Prisvinnaren er mest ein eigen sjanger i norske media, ho er tydeleg stolt av nynorsken sin og ho har vore ein forkjempar for bruk av nynorsk i norske media. Dessutan er Linda Eide ein fryd å høyre på, sa juryformann Gry Beate Molvær under utdelinga.

Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk av Oddvar Torsheim.

Syklande entusiast

Vossingen er kjend både frå radio og tv. Spesielt er hennar reportasjar og kåseri i Norgesglasset verdsett av mange.

I tillegg til å vere sterk og humoristisk forsvarar av nynorsk, er Linda Eide ein lidenskapeleg syklist. Vossingen syklar og snakkar sykkel ved eit kvart høve. 

Sykkeldokumentaren hennar «Døden bak styret» fekk i fjor pris frå journalistlaget. Rykta seier at ho snart set seg på sykkelen. Målet er fotball-VM i Tyskland!

- Fryd å høyre på

Juryen skriv i si begrunning:

«Dessutan er vinnaren ein fryd å høyre på, og leikar med ord og setningar, tilpassar stilen til innhaldet, er undrande, tvisynt og kan stille spørsmål vi knapt visste at vi lurte på og det ved det meste.»

 

I juryen har også sjefredaktør Tom Hetland i Stavanger Aftenblad og forfattaren Olaug Nilssen vore med. Nynorsk mediesenter, ved Magni Øvrebotten, har vore sekretariat.