Hopp til innhold

Lettare å skyte folk enn ryper

Delar av Vossefjella er så fullt av jegarar at det er større sjanse for å treffe folk enn ryper.

Det er den røynde jegaren Terje Nilsen frå Bergen som hevdar dette.

Nilsens frustrasjon kom først til uttrykk i eit lesarinnlegg i lokalavisa Hordaland.

Skota satt laust overalt

Her skreiv han mellom at anna sjansen for å treffe andre jegarar eller å verte treft sjølv medan jakta pågjekk, var stor. Vidare samanlikna Nilsen småviltjakta i Vossefjella i 2005 med å gå i eit forsinka 17. mai-tog.

- 17. mai-toget er jo ei skildring av at ein går og opplever skot. Og det var vår erfaring der oppe i fjor, vi møtte jegarar som løyste skot overalt i det jaktområdet vi var i, seier Nilsen til NRK.

Nilsen meiner det går på tryggleiken laus når grunneigarane sel for mange jaktkort.

- I fjor gjekk ein nærast i kø under småviltjakta i Brekkedalen.

Vil ikkje ha jaktkort

Det er Voss grunneigarsamskipnad som er skyteskive for Nilsens kritikk. Leiaren i samskipnaden, Ole Jørgen Rio, kjenner seg likevel ikkje særleg råka av dei skriftlege og munnlege kraftsalvene frå Nilsen. 

- Vi har berre høyrt om enkeltepisodar, og vi har ikkje fått nokre klager utanom det eine lesarinnlegget i avisa Hordaland.

Det er omtrent fritt fram for grunneigarane å selje så mange jaktkort dei vil. I Brekkedalen er det òg bilveg heilt fram. Dessutan vert det fort litt kø når akkurat dette området opnar for jakt éi veke før andre stader.

Trass i kritikken, reknar Terje Nilsen likevel med at det vert jakting i vossefjella for hans del i år også.

- Det kjem eg nok til å gjere, men eg kjem ikkje til å løyse jaktkort i regi av av Voss grunneigarsamskipnad.