Hopp til innhold

Her vert 370 tonn løfta frå fjorden

Denne helga starta ein vanvitig løftejobb midt i Hardangerfjorden: 370 tonn store brubitar vert heist opp frå fjorden til det som blir verdas sjuande lengste hengebru.

Det aller første løftet av delane som skal bli Hardangerbrua, starta fredag ettermiddag. Den historiske løftejobben markerer at første bit av det som i framtida vert køyrebanen på brua kom på plass.

Og det er ein heftig jobb som skal gjerast når bitane vert løfta på plass, ein etter ein: Kvar bruseksjon er 60 meter lang og veg 370 tonn.

Fem timar å løfta éin bit

– Seksjonane vert heisa opp ved hjelp av to kraner som er plassert på kablane. I kvar kran er det to jekkar, som igjen er festa med kraftige ståltau til eigne "løfteører" på bruseksjonen.

Det fortel Gunnar Gundersen, som er byggeleiar for Statens vegvesen på Hardangerbrua.

Hardangerbrua vert den lengste hengebrua i Noreg – og den sjuande lengste hengebrua i heile verda.

Gundersen fylgde den store løftejobben fredag – som tok mange timer å gjennomføra. Løftinga starta klokka 17.00 og først fire og ein halv time seinare var seksjonen i korrekt høgde.

– Ein spennande jobb

Men det var berre første del av jobben: Deretter skulle den 60 meter lange vegkolossen koplast på resten av brua.

– Ein halvtime etter midnatt var seksjonen kopla til dei seks hengestengene som seksjonen henger i.

– Det var ein spennande jobb, men det gikk akkurat som det skulle. Det er kjekt at brua no begynner å ta form, og at vi får sjå korleis det etter kvart blir, seier Gundersen.

Dei 23 seksjonane med brubitar kom frå eit verft i Shanghai for ti dagar sidan. Då var ein seks veker lang ferd frå Kina over.

I dag kom skipet med norges lengste hengebru til Hardanger, etter ein båttur rundt halve jordkloden.

SJÅ VIDEO: Dei 23 enorme byggeklossane kjem til Noreg etter ei seks veker lang ferd frå Kina.

Så skal det sveisast saman ...

Neste seksjon skal etter planen løftast på plass i dag.

– Planen er å ta omtrent ein seksjon om dagen framover, og det er rekna at vi skal bruka ein månad på jobben, seier Gundersen.

Når dei 23 seksjonane etter kvart er på plass, begynner arbeidet med å sveisa kvar bit saman: Eit arbeid som igjen skal ta opp til fire månader.

Her kan du sjå korleis det blir å køyra over brua: