Hopp til innhold

Sorenskrivar: – Det rann vatn frå taket og ned på sakspapira mine

Det vil truleg kosta 815 millionar kroner å pussa opp Bergen tinghus. Så dyrt blir det når omtrent ingenting er gjort på nesten 80 år.

Håkon Rastum

LEKKASJE PÅ KONTORET: Sorenskrivar Håkon Rastum fekk vatn ned på sakspapira sine frå ein lekkasje i taket.

Foto: Kristian Langenes / NRK

– Det er ikkje lenge sidan det rann vatn frå taket på kontoret mitt og ned på sakspapira mine, seier sorenskrivar Håkon Rastum til NRK.no.

Vi er med rundt for å sjå på tilstanden til bygget, som ikkje har vore pussa opp sidan det var nytt i 1933.

  • Her kan du sjå 3D-animasjon som viser tinghuset både utvendig og innvendig
Tinghuset i Bergen.

TRENG OPPUSSING: Tinghuset i Bergen ser fint ut på avstand, men treng oppussing for nesten ein milliard kroner for å tilfredsstilla dagens krav.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Oppussing til 815 millionar

– Det går jo ut over både dei som arbeider her, og dei som er involvert i alle rettssakene på tinghuset, seier Rastum.

Det er mykje å ta igjen, og Statsbygg har sett prislappen på arbeidet til svimlande 815 millionar kroner.

– Det er jo eit formidabelt beløp, innrømmer Jann Ola Berget i Domstolsadministrasjonen.

Verneverdig

Han meiner likevel ein kan forsvara å bruka bortimot ein milliard kroner på det verneverdige rettsbygget.

– Det er gjort svært lite sidan det var nytt. Derfor er det mykje arbeid som må gjerast for at bygget igjen skal tilfredsstilla dagens krav, seier han.

No håpar Berget at pengane kjem på neste statsbudsjett.

Arbeidet er så omfattande at all aktivitet i tinghuset må flyttast til andre lokale i byggeperioden.

Tinghuset i Bergen

TRENG OPPUSSING: Store delar av tinghuset er prega av at lite er gjort sidan bygget var nytt i 1933.

Foto: Kristian Langenes / NRK