Hopp til innhold

Rusdirektør vil ikkje ha cannabis-brukarar inn på Stortinget

– Vi treng ikkje cannabis-brukarar på Stortinget, seier avdelingsdirektør i Helse Bergen.

Ola Jøsendal

KRITISK TIL CANNABIS: Lege og avdelingsdirektør Ola Jøsendal i Helse Bergen vil ikkje ha stortingsrepresentantar som brukar cannabis.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Forsberg

BEKLAGAR: Thor Erik Forsberg seier han brukte cannabis i medisinsk samanheng.

Foto: Christian Nygård-Monsen / NRK

I dag blei det kjent at stortingsrepresentant Thor Erik Forsberg (Ap) ikkje blir nominert til ein ny periode på Stortinget .

Bakgrunnen er at han har bruk cannabis i ei årrekkje.

Forsberg blir no politietterforska, etter at han stod fram og fortalte om bruken av cannabis.

Får lågare IQ

– Folk som brukar cannabis får rett og slett lågare IQ. Funksjonsevna til hjernen blir dårlegare. Dei blir ikkje så kjappe i hovudet som dei var før, seier avdelingsdirektør Ola Jøsendal ved avdeling for rusmedisin i Helse Bergen.

Jøsendal nemner også redusert evne til å ta gode avgjerder som ein følgje av cannabis-bruk, og meiner at skadeverknadene samla sett er svært alvorlege.

Han viser blant anna til ny forsking som slår fast at dei som brukar marihuana blir dummare .

Marihuana er eit av fleire rusmiddel som er laga av cannabis.

– Bør ikkje inn på Stortinget

Legen syns ikkje det er rett å nominera folk som brukar cannabis til plass på Stortinget når skadeverknadene er så godt dokumenterte.

– Det handlar om det viktigaste tillitsvervet vi har her i landet. Vi treng ikkje cannabis-brukarar på Stortinget, seier Ola Jøsendal.

Dermed støttar han konklusjonen til nominasjonskomiteen i Østfold Arbeidarparti, som altså vrakar Forsberg.

– Komitèen har samrøystes konkludert med at han ikkje blir nominert til ein ny stortingsperiode på grunn av cannabis-bruken, sa leiar av nominasjonskomiteen Arne Øren til NRK.no tidlegare i dag.

Ungdomsparti vil ha legalisering

Mange av dei politiske ungdomspartia i Noreg arbeider for ei legalisering av cannabis.

Leiar Sindre August Horn i Hordaland Unge Venstre, som sjølv studerer medisin, meiner det er mange argument som talar for å gjera cannabis lovleg.

– Eg vil få det inn i kontrollerte former og ut av dei kriminelle miljøa. Vi kan ikkje forby alt vi ønskjer mindre av, seier Horn.

– Ungdomspartia har malt seg inn i eit forferdeleg trongt og vondt hjørne, etter kvart som skadeverknadene av cannabis viser seg meir og meir tydeleg, seier Jøsendal.