Hopp til innhold

- Håplaust med ettermiddagskamp

– Semifinalen mellom Brann og Hødd burde enten gå i helga eller på Brann stadion, meiner SV-politikar og brannsupportar Gina Barstad.

Høddvoll

MANGLAR FLOMLYS: Her på Høddvoll i Ulsteinvik møter Brann Hødd til semifinalekamp torsdag 27. september klokka 16.

Foto: Arne Flatin / NRK

Gina Barstad

Brannsupportar og SV-politikarar Gina Barstad er ikkje nøgd med tidspunktet for semifinalen mellom Hødd og Brann.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Tidlegare stortingsrepresentant for SV, Gina Barstad, er ein av brannsupportarane som reagerer kraftig på tidspunktet for semifinalen i cupen mellom Hødd og Brann.

I dag blei det klart at kampen skal spelast torsdag 27. september klokka 16.

– Det er heilt håplaust. Det er jo klin umogeleg for meg og andre å ta turen til Ulsteinvik og sjå kampen når han går midt i veka og så tideleg, seier Barstad.

– NFF må ta ansvar

Den siste tida har både tippeligaen og cupen hatt utfordringar med å få nok publikum. Barstad meiner tidspunktet for semifinalen viser at Norges Fotballforbund (NFF) ikkje legg godt nok til rette.

– Det er ikkje sjølvsagt at norsk fotball har eit stort publikum. Fotballforbundet må jo sørga for at det er mogeleg for folk å koma på kampane, seier Barstad.

Svein Graff

Svein Graff i NFF har forståing for at bergensarane vil ha semifinalen i helga.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

– Semifinalen mellom Brann og Hødd burde derfor gå i helga eller på Brann stadion.

Leiar i Brann Bataljonen, Roger Lillebøe-Hansen, skulle også helst hatt eit anna tidspunkt for kampen.

– I utgangspunktet hadde me sett ein semifinalefest i helga eller på kveldstid, men når me først må frakta supportarane til Ulsteinvik, så kan det vera greitt at kampen er tidleg, seier han.

Manglar flomlys

Årsaka til at kampen er lagt til ettermiddagen, er at Høddvoll ikkje har flomlys. Hødd har jobba for å få tak i mobile lysriggar til semifinalen, men manglande tryggleik gjorde at dei måtte gje opp.

– Me har forståing for at bergensarane ynskjer å ha kampen på eit seinare tidspunkt. Det skulle me også ideelt sett hatt, seier informasjonssjef i NFF, Svein Graff.

– Men all den tid Hødd ikkje har flomlys, så må me ta utgangspunkt i det, og då går kampen på ettermiddagen.

Uaktuelt å flytta kampen

Rune Haug

NRK bad NFF om å leggja semifinalen til helga, fortel sportssjef Rune Haug

Foto: NRK

- Kunne de ikkje ha flytta kampen til Bergen for å få han på kveldstid?

– Nei, reglane er klare. Dei laga som blir trekte først i ein semifinale, får heimekamp. Det betyr at Hødd skal spela heime, og det må me forholda oss til. Avgjerda er endeleg, seier Graff.

Bad om å få kamp i helga

Sportssjef i NRK, Rune Haug, fortel at dei bad NFF om å leggja kampen til helga.

– Me vil gjera semifinalen til ein fest og ynskjer at så mange som mogeleg skal få vera med. NFF kunne ikkje innfri ynskjet vårt, så då får me berre akseptera og respektera det, seier Haug.