Hopp til innhold

No blir han bokmålsmann i protest

I dag vert nynorsken endra for all framtid. Men medan Språkrådet jublar over brei støtte til det nye språket, meiner fleire nynorsken berre vert meir og meir lik bokmål.

Tore Vaag

KUTTAR UT NYNORSKEN: Norsklærar Tore Vaag elskar i-endingane i nynorsken. No går han over frå nynorsk til bokmål.

Foto: Privat

Frå i dag av vert dei største endringane for nynorsk skriftspråk på 54 år sett i verk. Eit arbeid som har teke nesten 15 år skal gjera Ivar Aasen sitt språk enklare og strammara.

Sideformer forsvinn

Med den nye rettskrivinga for nynorsk forsvinn no dei mange sideformene, som har vore grunnlag for ein evig debatt blant målfolket.

Fleire ord vert likestilte og mykje av valfridomen forsvinn ut av nynorsken, medan konservative og gamle skrivemåtar er historie.

Medan Språkrådet jublar over at dei har fått til ein språkreform alle kan leve med, er det langt frå alle målfolk som er einige. Enkelte meiner nynorsken no tek eit langt skritt nærmare bokmål – og fryktar for nynorsken sin framtid.

Går over til bokmål i protest

Tore Vaag

VEMODIG: – Det er både vemodig og rart å skulle gå vekk frå nynorsken, seier Tore Vaag.

Foto: Privat

Norsklærar Tore Vaag er ein av dei som meiner den nye nynorsken tek språket heilt feil veg. Han har forelska seg i i-målet, og sverga til nynorsk for å kunne skrive ord som ”fjelli” og ”røysti”.

Med den nye rettskrivinga får han ikkje lov til det om han skal skrive korrekt. Vaag har bestemt seg for å gje opp heile nynorsken – etter å ha vore mangeårig målmann.

– Frå og med i dag vert eg bokmålsbrukar. Når dei no fjernar noko av det som er vakrast med språket, så vert det aldri det same. Det er trist, seier Vaag.

På sin Twitter-konto har han den siste månaden tatt sitt farvel med den gamle skrivemåten med regelmessige dikt på i-målet. Her kallar han også den nye rettskrivinga for ein vassgraut.

Han meiner mykje av sjarmen og kulturarven ved nynorsken no forsvinn.

– Det er både vemodig og rart å skulle gå vekk frå språket etter alle desse åra, seier norsklæraren.

Elvi syng ikkje meir / einsemdi kallar meg attende / ein stum song

Tore Vaag på Twitter

Fryktar nynorsken forsvinn

Fleire lokale mållag i tradisjonsrike nynorskkommunar er også sterkt ueinige med den nye rettskrivingsnorma – sjølv om den trer i kraft i dag.

Ullensvang mållag har gått saman med fleire andre mållag som er imot den nye rettskrivinga om ei alternativ rettskriving som er tydelegare, enklare og meir regelrett.

Dei planlegg å gje ut ei ordliste basert på dette alternativet.

– Vi føler oss tvinga til å lage eit alternativ til det som har kome no. Godtek vi det som Språkrådet har vedteke, ligg det i korta at det går mot ei gradvis avvikling av nynorsk, seier leiar i mållaget, Erlend Trones.

Målet med den nye rettskrivinga er at nynorsken skal bli meir tydeleg, enklare og strammare. Resultatet er stikk motsett, meiner han.

– Det er blitt utydeleg, komplekst, bokmålsnært og slakt. Det er blitt mykje meir valfridom. Ordet ”ynskja” kan ein no skrive på åtte ulike måtar, seier Trones.

– Slutt med kranglinga

Ottar Grepstad

SLÅR TILBAKE: Styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet meiner det er på høg til å avslutta kranglinga.

Foto: Remi Sagen / NRK

Styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet slår hardt tilbake mot kritikarane av den nye nynorskreforma.

– Eg skulle ynskje at heile målrørsla slutta breitt opp om dette, i staden for å rote seg inn i ein strid, som målrørsla har hatt altfor sterk tradisjon for i denne saka, seier Grepstad.

Han seier at dei som vil kan bruka kva former dei vil privat, men ikkje i offentleg forvaltning.

– Om dei meiner dette er det dei skal bruka kreftene på, så må dei no berre gjere det. Men eg trur arbeidet for nynorsk har heilt andre behov enn å krangle om denne klassiske rettskrivinga, seier Grepstad.

– Det viktigaste overlever

Språkforskar Torodd Kinn ved Universitetet i Bergen meiner ein også tek avstand frå bokmål på fleire vis.

– Ein del av dei gamle orda som vi har hatt sidan Ivar Aasen konstruerte landsmålet, går no ut. Men samtidig er det ein del former som var nære bokmål, som vert tekne ut.

Språkforskaren meiner likevel det viktigaste overlever i den nye nynorsken. Ein skal framleis skrive ”eg” og ”ikkje”, og ein kan velje mellom å skrive ”leve” eller ”leva”, ”fyrst” eller ”først” og ”anten” eller ”enten”.

– Så det meste er uendra, og dei fleste som skriv nynorsk treng ikkje å skrive på nokon anna måte enn dei har gjort, meiner Kinn.

Torodd Kinn

SPRÅKFORSKAR: Torodd Kinn ved Universitetet i Bergen meiner det viktigaste i nynorsken lever vidare med den nye rettskrivinga.

Foto: Hanne Marie Molde / NRK

Ser ikkje vitsen med nynorsk

Erlend Trones i Ullensvang er ueinig.

Han meiner forskjellane mellom nynorsk og bokmål er i ferd med å bli vaska ut.

– Vi kjem så nær bokmålet at den jamne nynorskbrukar ikkje vil sjå vitsen med å ha to skriftspråk i Noreg, seier Trones.

Les og: Endringer vekker begeistring | VG Nett omsette Grytten til bokmål | Nynorskelevane får betre karakter

KVA MEINER DU OM ENDRINGANE? SKRIV I KOMMENTARFELTET NEDANFOR.