– Eivind Berge seier han vil ha oppmerksomheit, og media har gitt han ein talarstol.
Det seier professor i digital kultur Jill Walker Rettberg ved Universitetet i Bergen til NRK.no.
Den antifeministiske bloggaren Eivind Berge
og varetektsfengsla for å ha kome med drapstruslar mot politifolk.Sist veke
, etter at lagmannsretten kom til ei anna avgjerd enn tingretten.Spørsmålet om varetektsfengsling skal avgjerast endeleg av Høgsterett, og det er venta ein konklusjon i morgon.
– Har gløymt 22. juli-saka
Bloggeksperten ved Universitetet i Bergen meiner media har gløymt alt dei gjorde rett i dekninga av 22. juli-rettssaka.
– Media har gløymt debatten ein tok i samband med 22. juli-rettssaka om kor mykje ein skulle la Breivik sleppa til. Faren er at ekstreme meiningar kan framstå som normale, seier Jill Walker Rettberg.
Ho viser blant anna til Bergens Tidende, som har hatt store oppslag og eit lengre intervju med kjærasten til Berge i BT-magasinet sist laurdag.
– No har media laga sirkus av Eivind Berge-saka for å selja aviser, seier professoren.
– Rett å visa fram haldningar
Utviklingsredaktør i Bergens Tidende, Tor Olav Mørseth, avviser kritikken om dekninga av Berge-saka.
– Vi meiner det er viktig å få desse haldningane fram i lyset, så vi kan debattera dei, seier Mørseth.
Han meiner og det var på sin plass å få fram synspunkta til kjærasten, fordi han har ganske tydelege haldningar til kvinner.
– Det er interessant å få fram kvifor ei kvinne vil vera saman med ein slik mann, seier Mørseth.
Les og:
| | | |