Hopp til innhold

To vedtar dommen i menneskehandelsaka i Bergen

To av dei seks som er dømde for menneskehandel vedtar dommane dei har fått.

Seks personar dømde for menneskehandel i Bergen
Foto: NRK

Seks personar blei i starten på juli dømd til mellom eitt og tre års fengsel i Bergen tingrett .

– To av rumenarane som blei dømde har vedtatt dommane, opplyser politiadvokat Rudolf Christoffersen til NRK tysdag.

Dei to som har vedtatt dommen er to menn på 21 og 41 år.

Kort tid etter at avgjersla frå Bergen tingrett kom varsla to kvinner i 40-åra at dei vil anka saka vidare til lagsmannsretten.

Advokatane presiserte då at det er skuldspørsmålet dei ankar, ikkje straffeutmålinga.

LES OGSÅ: Vil ha nye runder om menneskehandel

Dei seks personane blei i Bergen tingrett dømde for både menneskehandel og fleire andre overgrep mot fire barn i alderen 13 til 17 år.

Aktoratet la ned påstand om totalt 26 års fengsel, men dommarane i Bergen tingrett ga dei 15 års fengsel til saman.