Hopp til innhold

Hyttefolk i Osvågen sterkt prega

Mennene som er sakna på Etnefjorden leigde hytte i Osvågen i Etne.

Osvågen hytteområde i Etne

Mennene som fredag drog ut på hyttetur leigde hytte av Odda Kjemiske Arbeiderforening i Osvågen i Etne.

Foto: Svein Morten Hagen

Tre menn er sakna og ein er funnen omkommen etter at fire menn i går ettermiddag drog ut på båttur på Etnefjorden .

Mennene skal vera frå Polen og var på ferie i Etne, der dei leigde hytte og båt i Osvågen av Odda Kjemiske Arbeiderforening.

– Eg kom til hytteområdet i går. Det var første feriedag, men det blei ikkje nokon hyeggeleg dag, seier Einar Mikkelsen, leiar i Odda Kjemiske Arbeiderforening, til NRK.no.

Trivdes godt i Etne

Han hadde prata med mennene frå Polen nokre dagar tidlegare og fortel at dei er hyggelege og rolege menn, som er glade i å fiska.

– Det var litt vanskeleg med språk og slikt, men me greidde å forstå kvarandre på gebrokken tysk, fortel Mikkelsen.

Etter det Mikkelsen kjenner til var det seks menn frå Polen som leigde hytta. Dei skal ha vore på ferie i Etne og trivdes så godt at dei hadde spurt om dei kunne bli der litt lenger.

– Det er tolk og kriseteam på plass her no, som tar seg av dei som er igjen her, seier Einar Mikkelsen.

– Håpar dei tre siste er i live

Odda Kjemiske Arbeiderforening har for tida i underkant av 20 gjestar i hytteområdet sitt i Osvågen. Dei andre gjestene er prega av det som har skjedd.

– Det var uavklart korleis det gjekk med mennene når me la oss i går, og det var nok ein del som hadde problem med å sova. I dag er det er ein veldig dempa og roleg stemning her, seier Mikkelsen.

Redningsaksjonen etter dei tre som er sakna pågår framleis.

– Me håpar dei tre siste er i live, sjølv om det kan sjå dårleg ut, seier Einar Mikkelsen.