Hopp til innhold

Dette er ein mobiltelefon

Ein mobiltelefon som er prikk lik ein fasttelefon! Det skal gjera livet lettare når Telenor kuttar ut alle norske fasttelefonar innan 2017.

Mobiltelefon som liknar ein fasttelefon

LIKNAR PÅ FASTTELEFON: Dette er faktisk ein mobiltelefon, men det er vanskeleg å sjå forskjellen frå vanlege fasttelefonar.

Foto: Telenor

Dekningskart Modalen

DEKNING: Det er mange område i Modalen som ikkje har mobildekning. Desse områda er kvite på kartet.

Dei gode, gamle fasttelefonane er snart historie.

Nettet er bygd på teknologi som ingen lenger vil levera delar til, og Telenor er no i full gang med å planlegga ei såkalla utfasing av fasttelefonane innan 2017.

Først ute er Modalen kommune i Hordaland, der dei første telefonane blir kobla ut i april neste år.

I morgon kjem fleire direktørar i Telenor til Modalen for å møta leiinga i kommunen.

Ingen skal mista summetonen

Blant tiltaka som skal gjera overgangen lettare er ein mobiltelefon som nesten er ein kopi av ein typisk fasttelefon.

Det kan vera til god hjelp for dei som ikkje føler seg trygge på vanlege mobiltelefonar.

– Vi tilbyr gode produkt som kan erstatta fasttelefonen. Dette er telefonar som brukar SIM-kort, men som ser ut som vanlege telefonar. Den einaste forskjellen er at tråden blir erstatta av eit trådlaust signal, seier programdirektør Arne Quist Christensen i Telenor til NRK.no.

Han understrekar at Telefon skal informera godt om kva som skal skje, og seier at ingen skal mista summetonen på fasttelefonen før dei har fått eit fullgodt alternativ.

– Vi har ein avtale med styresmaktene om at vi har leveringsplikt på ei telefonteneste, men det står ikkje at det må vera fasttelefon, seier Christensen.

Teknologien er på veg ut

– Vi byggjer stadig ut mobilnett og fibernett. Samtidig ser vi at fleire og fleire seier opp abonnementet sitt på fasttelefon, seier han.

Berre sidan 1996 har Telenor mista to av tre fasttelefonikundar, opplyser selskapet.

Kvar einaste månad er det om lag 7 000 kundar i Telenor som seier opp sitt fasttelefoniabonnement, til fordel for mobiltelefon eller breibandstelefoni.

Ei anna viktig årsak er at teknologien er på veg ut. Dei som leverer delar til fastnettet har sagt opp leveringsavtalen frå 2017.

– Dette er gamal teknologi og kompetansen er i ferd med å bli lågare, både hos oss og hos leverandørane våre, seier Christensen.

Fryktar for beredskapen

Arne Quist Christensen

LOVAR SUMMETONE: Arne Quist Christensen seier ingen skal mista fasttelefonen før Telenor kan levera eit fullgodt alternativ.

Foto: Telenor

Norges Kvinne- og familieforbund er blant dei som er kritiske til fjerninga av fasttelefonane.

– Viss regjeringa ønskjer at det framleis skal bu folk ute i distrikta, så må dei gripa inn overfor Telenor, seier forbundsleiar Elisabeth Rusdal til Bergens Tidende i dag.

Mange har orkanen Dagmar friskt i minne, og fryktar for beredskapen.

– Å gjera dette kan koma til å gå ut over teleberedskapen , sa fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand i Sogn og Fjordane nyleg til NRK.no.

«Enkle» område først

Modalen blir altså ein pilotkommune, der dei første abonnentane blir utan fasttelefon frå april neste år. Arbeidet startar med å finna ut korleis ein skal sikra telefondekning for dei områda i Modalen som ikkje har mobildekning i dag.

Christensen seier dei ikkje har ein detaljert oversikt over kva område som blir fasa ut først og sist.

– Vi vil starta i 2013 med område der det er enkelt å tilby gode alternativ. Det vil seia gode mobilnett, fiberløysingar eller liknande.

Blir telefontilbodet like bra når fasttelefonen er vekke? Kommenter saka nedanfor.