Hopp til innhold

Slik kan norske soldatar redda livet

No kan norske spesialsoldatar redda livet ved å tappa blod frå kvarandre i felten.

Soldatar reddar kvarandre med blodoverføring frå soldat til soldat i felten.

SJÅ VIDEO: Norske spesialsoldatar reddar kvarandre med blodoverføring.

– Det å blø i hel er ein av dei mest vanlege dødsårsakene, seier orlogskaptein Geir Strandenes ved Marinejegerkommandoen på Haakonsvern til NRK.no.

Han seier at heile 80 prosent av dei som kan reddast dør av blodtap.

I samarbeid med Universitet i Bergen har marinejegerane utvikla ein metode for å gje kvarandre blod i felten.

Prosjektet er så eineståande og interessant at både det amerikanske forsvaret og andre allierte land følgjer tett med på utviklinga.

Blodoverføring mellom soldatar

BLODOVERFØRING: Her får ein norsk marinejeger blodoverføring. Sjå video i toppen av artikkelen.

Foto: Forsvaret

Testar viser låg risiko

Det står ofte om minutt når ein skal prøva å redda livet til ein soldat. Når sjukehuset er langt unna, må soldatane stola på seg sjølv.

Omfattande testar viser denne typen blodoverføring i felten kan redda mottakaren. Risikoen for blodgjevaren er låg.

– Soldatane er stridsdyktige igjen rett etter dei er tappa for blod, seier Strandenes.

Det er lettare for topptrente marinejegerar å tappa blod frå kvarandre, fordi blodårene er lett synlege på godt trente personar.

Metoden er så langt berre for spesialtrente soldatar.

Geir Strandenes

BLIR RASKT STRIDSDYKTIG: Soldatane blir veldig raskt stridsdyktige igjen etter å ha gitt blod, seier orlogskaptein Geir Strandenes.

Foto: Andrè Marton Pedersen / NRK

– Potensielt farlege prosedyrar

– Det kontroversielle er at ikkje-medisinsk personell gjer potensielt farlege prosedyrar, og at vi brukar ubehandla blod, seier professor Tor Hervig ved Blodbanken på Haukeland universitetssjukehus.

Han har vore sentral i arbeidet med soldatprosjektet.

Medan blodbanken og sjukehus har masse utstyr og fagfolk som tar seg av blodoverføring, må soldatane greia seg sjølv.

Dei største utfordringane med prosjektet har vore smitterisiko og blanding av ulike blodtypar.

Problemet med ulike blodtypar blir løyst ved at soldatane har med seg enkelt utstyr til å testa blodtypen. Med dette utstyret får dei svar i løpet av nokre få minutt.

I ein del tilfelle kjenner ein blodtypen til dei ulike soldatane frå før, slik at det er klart kven som kan gje blod til kvarandre.

Eksperimenterte på 1600-talet

Blodoverføring frå soldat til soldat blei gjort ofte under verdskrigane, men har ikkje vore praktisert sidan Vietnamkrigen.

Årsaka er risikofaktorane med smitte og fare for å blanda blodtypar.

Eksperimentering med blodoverføring er kjent langt tilbake i historia. Blant anna skal pave Innocentius ha fått blodoverføring så tidleg som i 1492, med dårleg resultat.

Det var først på 1600-talet forsøka kom skikkeleg i gang, ifølgje nettsida Gi.Blod.no frå Norges Røde Kors.