Hopp til innhold

– Gjorde alt som stod i hans makt

Bestefaren haldt sjølv på å miste livet mens han kjempa for å få barnebarnet (2) ut av bilen. Nabo Espen Vingsgård redda 69-åringen opp frå vatnet.

Lindås

Ambulansepersonell gjev hjarte- og lungekompresjonar til 2-åringen.

Foto: Inger Åse Kvale

– Eg såg at bilen låg der, framleis over vatnet. Eg tok med meg reidskap for å knuse bilvindu og la ut i båten. Då såg eg bestefaren rive opp bakluka og hoppe inn i bilen, fortel Espen Vingsgård.

Vingsgård bur like ved Bjørsvik kai og vart vitnet til bestefarens kamp for å redde barnebarnet.

Toåring kritisk skadd etter fall i sjø

Bilen stod på kai, då guten på to år gjekk aleine inn i bilen og fekk start på den. Bestefaren greidde akkurat å få opp døra, før bilen for over kaia og døra small igjen. 69-åringen hoppa etter.

Hoppa inn i bilen

– Han fekk opp bakluka og hoppa inn i bilen, men bilen sokk kort tid etter. Då gjekk det truleg ikkje meir enn eitt minutt før mannen fløyt opp, fortel Espen Vingsgård.

Espen Vingsgård

Espen Vingsgård bur rett overfor kaia i Bjørsvik, og berga 69-åringen i land.

Foto: Inger Åse Kvale

69-åringen låg livlaus i vatnet. Vingsgård greidde å få han i land. Andre naboar hadde varsla AMK og kom springande med varme pledd. Ein nabo kunne utføre hjarte- og lungekompresjonar.

– Vi greidde å liv i han etter kvart. Han byrja å puste, seier Vingsgård.

– Det viktigaste var at vi fekk berga han. Han gjorde alt han kunne. Alt som stod i sin makt for å berge barnebarnet. No håpar vi berre at det gjekk bra.

Kritisk skadd

Christine Halvorsen Eide

Christine Halvorsen Eide var med ut i båt og leita etter guten medan han framleis var sakna.

Foto: Inger Åse Skage

Både guten på to år og morfaren ligg på Haukeland universitetssjukehus. Tilstanden er kritisk i følge AMK.

– Det var ikkje noko kjekt å stå der og vete at guten framleis var i vatnet. Du begynner jo å spørre deg kva meir du kunne ha gjort. Vi gjorde verkeleg alt, seier Vingsgård.

Christine Halvorsen Eide var i Bjørsvik og blei vitne til gjenopplivinga av guten.

– Det var godt å sjå at dei aldri ga opp. Dei har drive med livreddande arbeid på guten lenge, seier Christine Halvorsen Eide.

Trudde jente (6) var i bilen

Bil utfor Bjørsvik kai
Foto: Remi Boe Presttun

Politiet visste at ei seks år gamal jente var med familien, men visste ikkje kvar ho var. Lenge frykta Halvorsen Eide at jenta var med i bilen.

– Vi var ute i båt og leita ei stund. Dykkarane kom ganske raskt og lånte båten vår, fortel Halvorsen Eide.

Jenta var til stede på kaia då ulukka hende, og vart tatt hand om av naboar.

– Det var godt å få vete at ho var i god behald. Det var ei stor lettelse. Å skulle leite etter eit born til i vatnet, det er eg glad vi slapp.

Delvis bevisst

Politioverbetjent

Politioverbetjent Kjell Idar Vangberg rosar naboane sin innsats.

Foto: Inger Åse Kvale

Ifølge politiet var bestefaren delvis bevisst då ambulanse og politi kom på staden.

– Han fekk gjort seg så klar at han fekk sagt at det var ein gut i bilen. Meir enn det fekk han ikkje sagt, seier politioverbetjent Kjell Idar Vangberg.

Vangberg rosar innsatsen til naboane, som hjalp til både før og etter politiet kom.

– Det var mange privatpersonar ute med båt, og det var ein som hjalp bestefaren i land. Politi og brannvesen kom raskt til staden, men det var ein veldig fin innsats av dei som var her, seier Vangberg.