Hopp til innhold

Har vunne alt – er klar for meir

Tonje Sørlie er verdsmeister i kickboksing, og til helga håpar ho å slå og sparke seg til sitt aller fyrste proffbelte.

Video Verdsmeister i kickboxing vert proff
Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Slag og spark sit som ei kule når Tonje Sørlie frå Bergen set inn støta.

30-åringen er fem gongar verdsmeister. I november i fjor tok ho VM-gull i fullkontakt, og vart den einaste i verda, uansett kjønn og vektklasse, som har vunne verdsmeisterskapen i alle tre kontaktklassar innan kickboksing.

– Den siste sigeren var nok kanskje den viktigaste. VM er berre annakvart år og eg var usikker på om eg ville klare det. Eg er jo 30 år, så om det ikkje hadde gått, er eg jo ikkje heilt sikker på å vere med i neste runde, seier Sørlie.

Har alle titlar

Heime på soverommet har ho hylle på hylle med forgylte pokalar og medaljar. På amatørnivå har ho stort sett teke det som er å ta. Fire VM-gull, elleve NM-gull, fire kongepokalar.

– Eg har vel alle titlane no, men eg har tapt mange kampar òg, det syner berre ikkje her, seier ho.

Men bak gull, sølv og bronse, er det meir enn ein pallplassering.

– Det ligg jo minner og opplevingar bak kvar einaste medalje. Dette har teke mange år av livet mitt, og dette er på mange måtar dokumentasjonen. Reiser, trening og til sist kampen, premiane minner meg på alt det, seier ho framfor den blenkjande veggen.

Fyrste norske i proffkamp

Og med alt som er av amatørtitlar, er ho til helga klar for sin fyrste proffkamp. Det har ingen norske kvinner gjort før ho.

– Eg fekk tilbod om kampen, og det kjennest som eit naturleg steg vidare. Med nye mål, kjem ein ny gneiste, seier ho.

1–1 mot Bozzurra

Og på laurdag står kampen i Roma mot ein erkerival, og den siste Sørlie har tapt ein kamp mot. Federica Bozzurra slo nemleg Sørlie i verdscupen for to år sidan, men Sørlie fekk gullet mot same kvinne året etter. No skal dei slost om verdsmeisterbeltet i proffligaen.

– Det vert jo litt meir press, men eg tek kamp for kamp. Det viktigaste er at eg gjer minst mogleg feil, og då kjem sigeren av seg sjølv, seier Sørlie.

Sirkus

Men sirkuset rundt proffkampane er noko anna enn det ein finn i amatørverda. I tillegg er Bozzurra på heimebane, og kan forvente brorparten av publikumsstøtta.

– Ho får nok den høgaste applausen, og eg har ikkje boksa proft før. Men eg er godt mentalt førebudd, og har gjort kampen mange gongar i hovudet allereie, forklarar ei roleg Sørlie.

– Finpuss og godkjensle

På siste trening heime i Bergen i går var det mest finpussing det gjekk i.

– Det som ikkje sit no, må eg klare meg utan. No skal eg berre finpusse litt og få godkjensla, seier Sørlie før slår laus på trenar Thomas Andreassen i regnet på idrettsbanen i Fyllingsdalen.

Vinnaren av kampen i Italia i helga, kan kalle seg verdsmeister innan proff kickboksing. Men medan ein slik tittel som amatør held til neste meisterskap, kan denne vere meir kortvarig.

– Om ein vinn, har ein verdsmeisterbeltet. Men når det er som proff, kan ein verte utfordra, og må forsvare tittelen i nye kampar, seier Sørlie.

Ufarleggjer

Men dei viktigaste tinga er like, uansett kva tittel ein kjempar om.

– Teknikken er den same uansett. Kvar kamp er eit steg vidare i karrieren. Eg prøver vel å ufarleggjere kampen, men for meg er det aller viktigaste å utvikle seg som utøvar, og å gjere minst mogleg feil, fortel kickboksaren.

Og sjølv om ho var sikker på å takke ja med ein gong ho fekk tilbod om kampen, sa ho ikkje det høgt.

– Eg lata som eg måtte tenke meg om, men visste eg skulle ta kampen. Det er ein ny måte å tenke på, og det er på tide med noko nytt, så det passa fint, meiner ho.

Travelt år

Om proffkampen endar i belte eller ikkje, vil vise seg i helga. Men Sørlie har mange fleire mål å jobbe mot vidare.

– Til helga er det vinn eller forsvinn. Eg prøver å ikkje tenke så mykje på resultat, det er kjekt å vinne, men ein lærer jo mest av dei kampane ein taper, seier ho.

Ho påstår ho tenker på kamp, og ikkje resultat.

– Det er viktig å ikkje tenke på siger, men korleis få den. Men spør meg att om eg tapar, ler ho.

Etter tittelkampen, har ho uansett eit travelt år framføre seg som amatør.

– I mai startar verdscupen, og seinare i år er det Europameisterskap, seier ho.