Hopp til innhold

– Me har ikkje vore gode nok

Det har teke Havarikommisjonen seks år å komme med sin rapport om flyulukka på Stord, der fire personar omkom.

Flyulykken på Stord

TOK FYR: Atlantic Airways-flyet hamna i ein skrent utanfor rullebana og tok fyr, fire personar omkom.

Foto: Jan Kåre Ness / SCANPIX

Et Atlantic Airways fly havarerte etter landing på Sørstokken flyplass på Stord tirsdag morgen.

KLATRA UT: Dei som overlevde klarte å klatre ut av det havarerte flyet, før det tok full fyr.

Foto: 330-Skvadronen / SCANPIX

Havarikommisjonen kjem i neste veke med sin rapport om flyulykka på Stord for fem og eit halvt år sidan.

– Me har gode teoriar om kva som skjedde, men me kan ikkje slå fast noko heilt sikkert, seier havariinspektør Birger A. Bull.

Fire omkom

Ulukka skjedde den 10. oktober 2006, og det har altså teke nesten seks år å få ferdig rapporten.

Då Atlantic Airways-flyet på veg frå Stavanger skulle lande, løyste ikkje spoilerane seg ut, og førte til at flyet ikkje klarte bremse nok ned. Flyet skrensa på den våte rullebana, og køyrde utfor og ned ein skrent. Her tok flyet fyr, og vart totalskadd.

– Dei årsakene som har vore omtala heilt sidan ulukka skjedde, har me langt på veg klart å bekrefte, men noko av bevismaterialet er så skadd av brann at me ikkje kan bevise det, seier Bull.

Les meir under biletet.

Flyet fra Atlantic Airways

BRANN OPP: Sidan mykje av bevismaterialet var utbrend, kan ikkje Havarikommisjonen vere hundre prosent sikre på ulukkesårsaka.

Foto: LARSEN, HÅKON MOSVOLD / SCANPIX

Fem år på overtid

Ifølgje Havarikommisjonen sine retningsliner, skal det etter slike hendingar vere klar ein rapport innan eit år. I slutten av oktober i 2007, kom kommisjonen med ein førebels rapport, men den endelege konklusjonen, på om lag 150 sider, er altså ikkje klar før i neste veke.

– Me beklagar at dette har teke så lang tid. Dette tek etaten på si kappe, seier avdelingsdirektør for luftfart, Kåre Halvorsen til NRK.

Leiinga i kommisjonen har ikkje vore strenge nok, meiner han.

– Styringa av denne saka har ikkje vore god nok, me har vore uheldige med organiseringa vår, seier han.

Han seier det er fleire årsaker til at det har teke så lang tid, men det er i hovudsak ferdigstillinga av sjølve rapporten som er forseinka.

– Me har fortløpande fått inn resultat frå analysar og liknande, og involverte partar har vore informerte undervegs, seier han.

Veit ikkje sikkert endo

Sjølv om ikkje kommisjonen kan komme med ein klar konklusjon, trur havariinspektøren dei har funne ut kva som har skjedd.

– Me har mykje fakta, vitneforklaringar og ferdskrivarar, og trur teoriane våre stemmer. Det er fleire medverkande årsaker til ulukka, men hovudvekta ligg nok på nedbremsingsproblema, seier Bull.

Les meir under biletet.

Flyulykken på Stord

UNDERSØKINGAR: Rapoorten som kjem i neste veke, er på om lag 150 sider, og har teke fem og eit halvt år å lage.

Foto: 330-Skvadronen / SCANPIX

– Lite nytt

Det er dei same årsakene det har vore meldt om sidan ulukka skjedde.

– Det er ikkje noko revolusjonerande nytt i den ferdige rapporten, men me har gjort ei brei gransking av alle tenkelege årsaker, og sidan mykje av bevisa er øydelagde av brannen som oppsto, er dette det næraste me kjem, seier Bull.

Etterslep

Havarikommisjonen har endra retningsliner, og slit med eit etterslep på saker dei tidlegare har opna.

– Etter dei nye reglane treng me ikkje jobbe med like mange saker lenger, men me har eit etterslep, og det arbeidar me med. Det siste året har me halvert talet på saker på lista over dei som er under arbeid, seier Halvorsen.

– Det er 25 saker på lista over saker de undersøker som har ligge i over eitt år. Kvifor?

– Me starta for mange undersøkingar tidlegare, og me jobbar med å gjere alle rapportane ferdige, seier Halvorsen.

– Men den eldste saka har vore under handsaming i ti år. Er ikkje det veldig lenge?

– Jo, og dette skal ikkje skje meir. Me halverte talet på saker på lista i fjor, og håpar å bli ferdig med enda fleire i år.

Den 4. juli i fjor omkom fem personar i ei helikopterulukke i Hardanger. Havarikommisjonen kan ikkje love at dei etterlatne får eit svar på kva som skjedde innan eittårsfristen.

– Vi skal ha ferdig ein rapport til då, men den skal på høyring og gjennom ein del instansar før den vert offentleggjort. Eg håpar vi kan få det på plass før utgangen av året, seier havariinspektør Edith Irgens.