Hopp til innhold

1000 kroner for å køyre tur-retur

– Spikaren i kista for trafikken over Hardangervidda, meiner lastebileigarane.

Hardangerbroen

Førebelse utrekningar syner at det kan bli dyrt å velje Hardangerbrua.

Foto: Forum arkitekter

Stive prisar på Hardangerbrua vil jage tungtransporten frå Hardangervidda, og gjere at sjåførane heller vil velje alternative køyreruter, trur lastebileigarforbundet i Hordaland.

– Tusen kroner for å køyre fram og tilbake er altfor dyrt, seier fylkesleiar Jan-Ove Halsøy.

Av den totale prisen på 2,3 millardar skal to tredelar av dette finansierast med bompengar. Førebelse utrekningar syner at det vil koste omlag 150 kroner for personbilar og 500 for for vogntog å passere på brua.

– Den stive prisen vil vere spikaren i kista for trafikken over Hardangervidda, seier Jan-Ove Halsøy, fylkesleiar i lastebileigarforbundet i Hordaland.

Les òg: Mastemotstandarar jublar for «monsterbrua» i Hardanger

Les òg: Rekordbrua i Hardanger

Video Bli med til toppen av Hardangerbrua.

Bli med til toppen av Hardangerbrua

– Altfor dyrt

Halsøy trur den stive prisen vil fjerne siste rest av vogntogtrafikk over Hardangervidda, og at dei gjenverande vil sitje att med rekninga åleine.

– Dei må vel prisa kvar enkelt passering høgt for å hente inn igjen dei milliardane det kostar å byggje brua. Eg vil jo tru at dei må forlenge nedbetalingstida. Trafikkgrunnlaget er lite i dag, og vil bli enda mindre med så høge prisar som dei no førespeglar.

Han meiner brua kjem på plass minst 10 år for seint, og at dei som framleis vil velje brua vil måtte betale mykje og lenge.

– Køyremønsteret til dei som køyrer tungtransport har endra seg mykje dei siste 10-15 åra. Tidlegare var det ganske stor trafikk over Hardangervidda, men no er vegane over Hemsedal og Filefjell blitt så bra at dei fleste vel vekk Hardangervidda.

– Vil få dårlegare beredskap

Halsøy trur trafikken over Hardangervidda vil minke så mykje at ein ikkje vil kunne oppretthalde vinterberedskapen.

– Det går jo som hand i hanske. Ein må prioritere vegane som folk flest brukar for å klare å halde dei opne. Dersom fleire vel vekk vidda vil det nødvendigvis få konsekvensar for beredskapen og det generelle vedlikehaldet.