Hopp til innhold

No må han takla presset

Brann-trenar Rune Skarsfjord må leva med forventningspress før seriestart. Etter sesongen i fjor veit publikum at laget kan kjempa heilt i toppen.

Video Stort forventningspress mot Brann-treneren

Det har vore svært ulikt utgangspunkt frå sesong til sesong for Rune Skarsfjord, etter at han overtok som hovudtrenar i Brann.

Slik har det sett ut, i korte trekk:

Skarsfjord frå år til år

Rune Skarsfjord som Brann-trenar

2010

Skarsfjord reddar Brann frå nedrykk

2011

Brann overraskar og kjempar om medalje

2012

Mange ekspertar tippar Brann i toppen av serien

Snudd heilt på hovudet

Før sesongen i fjor var det fleire som tippa nedrykk for raudtrøyene, blant anna VG. No er situasjonen snudd heilt på hovudet. Mange snakkar om gull når det berre er nokre få dagar igjen til seriestart.

Bergensavisen slår fast på forsida i dag at norske eliteserietrenarar trur på gull for Brann.

Forsida til Bergensavisen

TRUR PÅ GULL: Dagens hovudoppslag i Bergensavisen.

Foto: NRK

– Det er ein betre inngang til ein sesong at andre har forventningar til oss enn det motsette, seier Skarsfjord til NRK.

Skarsfjord seier han skal gjera sitt beste for å innfri forventningane.

– Klubben og styret har vurdert meg og tilsett meg, og eg skal gjera mitt beste for å tilfredsstilla dei krava og håpa dei har til meg, seier Brann-trenaren.

Les og: Markus Jonsson blir Brann-kaptein

– Mange forventar gull

– Eg trur det er ganske mange som tror på gull i år, seier Leon Gjevert som er ein av mange forventningsfulle bergensarar.

– Trur du på gull?

– Ja, sjølvsagt.

Brann-spelar Birkir Sævarson meiner det er best å ikkje fokusera på kva avisene skriv før seriestart.

– Vi veit kva som bur i denne gruppa og vi skal berre dra til Trondheim og vinna, seier Sævarson.

Sævarson meiner trenaren har ein stor del av æra for at Brann gjorde spådommane om nedrykk til skamme i fjor.

– Han har ein stor del av æra sjølvsagt. Det var han som tok tak i gruppa, og har gjort det veldig bra, seier Sævarson.

Brann møter Rosenborg på Lerkendal førstkomande søndag klokka 20.00.

Kor høgt trur du Brann kjem i årets eliteserie?

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.