Hopp til innhold

– Blei råda til å ikkje klaga

Henning Warloe sleit med å finna seg til rette som stortingsrepresentant. Av kollegaer blei han oppmoda til å bita tennene saman.

Henning Warloe

Henning Warloe fortel i Søndagsavisa på NRK om narkotikamisbruken og livet som stortingsrepresentant i Oslo.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Det som for stortingsrepresentant Henning Warloe starta med ein ferietur til Ibiza for fire år sidan utvikla seg til utprøving av både amfetamin og kokain . Då Warloe blei valt inn på Stortinget i 2009 starta narkotikamisbruken for alvor.

– Eg har prøvd å tenka tilbake på korleis dette gradvis utvikla seg. Eg må nok seia at overgangen til Stortinget var ganske mykje større og frustrerande enn eg hadde tenkt meg på førehand, seier Henning Warloe til NRK.

Verkelegheitsflukt frå kavardagen i Oslo

På spørsmål om korleis han torde å bruka farlege stoff som GHB svarer han at han meiner han har vore ganske forsiktig.

– Det høyrest nok veldig spesielt ut i denne samanhengen. Eg har hatt desse opplevingane privat og det har vore ei slags verkelegheitsflukt trur eg, som har gjort at nokre helger har vore morosamare enn kvardagen har føltes i jobbsamanheng og i Oslo, seier Warloe.

– Skal levera og ikkje klaga

Han skildrar Stortinget som ein veldig konkurranseorientert arena der offentlegheita berre har plass til dei fremste. Warloe opplevde livet som stortingsrepresentant som rastlaust og følte seg ikkje heime i Oslo.

– Eg synest kanskje det er nokre forhold ved stortingsrepresentantane sine arbeidsvilkår som det er grunn til å stilla spørsmålsteikn ved. Me er veldig mykje overlate til oss sjølve, me har bortimot ingen hjelp og støtte i det praktiske arbeidet, det er litt alles kamp mot alle, du må levera og skal helst ikkje klaga, forklarer Warloe.

– Eg har prøvd å lufta nokre frustrasjonar med kollegaer i uformelle samanhengar, og fått det rådet at det er ikkje så lurt å klaga på noko. Her må me berre bita tennene saman og ha ein fasade utad og lata som om alt er bra, seier Henning Warloe.

Ikkje ei unik historie

Politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle, kjenner til fleire tilfelle der stortingsrepresentantar som er langt vekke frå familie og vener har fått problem.

– Dei fleste eg har kjent har då hatt problem med alkohol. Dei aller fleste greier seg, men Henning Warloe sin historie er diverre ikkje unik i stortingsmiljøet, seier Stanghelle til NRK.

– Viss du er i ei livskrise og viss du føler på ei udefinerbar livskrise så er det kanskje verre å oppleva det når du er stortingsrepresentant og har forventingar retta mot deg, enn om du er anonym, seier Stanghelle.

Video 45d7122e-5e89-4a56-9249-58b74566232e.jpg

Erna Solberg om livet til Stortingsrepresentantar.

Kan gå tettare på folk

Høgre-leiar Erna Solberg erkjenner at det kan vera utfordrande for folk som har vore sentrale politikarar i lokalmiljøet å komma til Stortinget. Ho opplevde ikkje at Warloe ønskte å få hjelp, men ser at dei kanskje må tør å gå tettare på folk.

– Det er klart at me kan gå tettare på menneske. Det er ein viktig del av å bry seg, seier Solberg.

– Kva kan ein gjera for å hindra slike skjebne?

– Det å passa på og tenka gjennom om ein har vennekretsar når ein er i Oslo. Det er kanskje mogleg å bygga litt tettare nettverk, seier Erna Solberg.

LES OGSÅ: Solberg ønsker Warloe velkommen tilbake i Høyre

– Ikkje så gloriøst liv

Stortingslivet kan vera eit einsamt liv, meiner Øyvind Halleraker som også representerer Høgre og Hordaland på Stortinget.

– Stortinglivet er ikkje så gloriøst som det kanskje kan verka på enkelte. Me har sett opp gjennom mange år at dei som kjem frå andre posisjonar og har hatt ei anna rolle i lokalmiljøet sitt ofte har hatt litt problem med å tilpassa seg, seier Halleraker.

Han er klar på at politikarar må bli flinkare til å vera merksame på kvarandre.

– Dette gjeld ikkje berre vårt parti, eg trur det gjeld heile Stortinget. Det er døme på at folk har fått ublide skjebne gjennom stortingslivet, seier Halleraker.