Hopp til innhold

Syklar der ingen skulle tru at nokon kunne trø

Det vesle biketrial-miljøet i Bergen har nytt godt av at dei har ei internasjonal stjerne blant seg. Utanfor sporten er Thomas Remvik Aasen derimot heilt ukjent.

Video Bike trail-artister i Bergen

SYKKEL-STUNTS: Thomas Remvik Aasen får bergensarane til å måpe når han syklar i byen.

Dei er få, men til gjengjeld gode. Biketrial-miljøet i Bergen består av fire syklistar, men alle konkurrerer i dei øverste klassane.

Sporten går ut på å kome seg over hinder på sykkel, utan å sette føtene i bakken. Gjerne frå store høgder og på små flater. Jo meir usannsynleg, jo betre, ifølge Thomas Remvik Aasen.

Ingen pengar, mykje glede

– Det er definitivt ikkje lett. Du har alltid ein viss frykt, men allikevel ei viss glede. Så ligg du heile tida i mellom dei to og balanserer. Det føles fantastisk. Berre det konseptet med å kunne ta sykkelen og sykle der du absolutt ikkje skal, gir meg glede, fortel Remvik Aasen.

Det ligg mykje tid og arbeid bak stunta. Likevel tener utøvarane ingenting og det er vanskeleg å få støtte. Med langt større miljø andre stader, kan ein lure på kvifor akkurat dei fire i Bergen utmerkar seg.

Sjølvpromotert geni

– Det er fordi eg er her. Det er ikkje nokon anna hemmelegheit enn det, ler Remvik Aasen.

Den utflytta ålesundaren er ikkje beskjeden, men heller ikkje utan grunn. Han er ein legende innanfor sporten. Med over 120 skrytevideoar på Internett har han fått ein fanskare i til dømes Iran.

– Der eg er trenar, vil dei andre rundt meg skyte opp mykje raskare enn andre stader. Dei har starta tidleg og øva mykje, dei har ein trenar og generelt alt dei treng for å bli gode.

– Han kan ikkje sykle der?!?

Når Remvik Aasen og Mads Lexander (17) balanserer på bakhjulet og hoppar mellom steinar på Ole Bullsplass i Bergen sentrum, slepp haka til Tao Prydz (9).

– Han kan ikkje sykle der!? Det der er sprøtt, og kult. Men mest sprøtt. Det er første gong eg har sett. Augene mine ramla nesten ut jo, seier niåringen.

– Men eg trur eg hadde gjort det der inne i ein skatepark, ikkje midt i sentrum, ler jenta.

– Kor har du lært det?

– Kor har du lært det der? Spør ein liten gutt og drar i jakka til Mads Lexander.

Det fins det ikkje noko svar på for øyeblikket, for i Bergen fins det ingen offisiell klubb. Før jul vart idretten organisert gjennom Norges Cycleforbund. No vil miljøet i Bergen starte sin eigen biketrial-klubb. Til det treng dei midlar til blant anna nye syklar.

– Det vil ikkje hjelpe oss som allereie er kome langt, men det vil hjelpe nykommarane. Slik det er no fins det ingen stad å gå for tips og råd, og ingen forbilder. Med ein offisiell klubb vil det kunne bli ganske stort.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.