Hopp til innhold

Gull, sølv og bronse på 3000 meter

Det var berre nordmenn på pallen etter 3000 meteren under junior-VM i skøyter i Obihiro. – Folk heime veit ikkje kor stor dette er, seier lagleiar og trenar Sondre Skarli.

Sverre Lunde Pedersen

GULL: Sverre Lund Pedersen sette ny personleg rekord og tok gull på 3000 meter i Obihiro i dag.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Sverre Lunde Pedersen tok gullet, Simon Spieler Nielsen fekk nest beste tid medan Kristian Fredriksen kapra bronsa.

– Det er veldig kjekt. Eg er svært nøgd med løpet, seier gullvinnar Sverre Lunde Pedersen frå Os.

Satsar på samanlagtsiger

Ikkje berre tar Lunde Pedersen med seg eit gull heim frå Japan, med tida 3:46.70 sette han også personleg rekord på 3000 meter.

– Vi har framleis løp igjen å gå, men akkurat no er det ingen grunn til at vi ikkje skal ta med oss samanlagtsigeren heim også. Vi klarte det i fjor, og leverer godt også i år, seier 19-åringen.

Etter løpet har det hagla inn med gratulasjonar.

– Eg trur kanskje folk er litt imponerte over kva vi får til. Vi leverer igjen og igjen, seier Lunde Pedersen.

Ny storheitstid?

No håpar han gode resultat vil føre til større engasjement rundt skøytesporten heime i Norge.

– Vi har hatt jamnt gode resultat. Håpet er at dersom det held fram slik, så vil også interessa heime auke. Om alle held seg skadefrie og får trent nok så kan det blir bra år framover, seier Lunde Pedersen.

Han får støtte frå lagleiar Sondre Skarli, som fortel at prestasjonane blir lagt godt merke til i det internasjonale skøytemiljøet.

– Desse resultata betyr meir enn folk anar, og eg synest dei får alt for lite merksemd heime i Norge. Dei går ekstremt godt. Det er mykje opp til dei sjølv, men desse ungdommane kan nå "hur långt som helst", som dei seier i Sverige, ler Skarli.

Generasjonskifte

Jarle Pedersen

NØGD TRENAR: Jarle Pedersen trur vi kan vente oss gode resultat også i åra framover.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

Heime i Norge sit far til gullvinnaren og trenar, Jarle Pedersen.

– Eg er stolt av dei alle saman. Det er utruleg sterkt å ta alle pallplassane. Dei innfrir, seier han.

Han meiner det no foregår eit generasjonskifte i norske skøytesport.

– Ein ny og sterk generasjon er på veg opp. Det er også fleire endå yngre løparar som utmerkar seg,
men dei treng endå nokre år før dei kjem for fullt, seier Pedersen.

Fleire løp

Løparane som er med i Junior-VM i Obihiro er Sofie Karoline Haugen frå Sandefjord SK, Ellen Bjertnes frå Geithus IL, Simen Spieler Nilsen frå Arendal SK, Sverre Lunde Pedersen frå Fana IL, Håvard Holmefjord Lorentzen frå Fana I,LKristian Reistad Fredriksen frå Geithus IL.

Håvard Lorentzen, Sverre Lunde Pedersen og Kristian Reistad Fredriksen gjekk også 500 meter i dag. Dei enda på 13., 20. og 21. plass.

Sofie Karoline Haugen blei nummer 26 på 500 meter, medan Ellen Bjertnes enda som nummer 38. Bjertnes og Haugen har også 1500 meter der dei enda på 23. og 29. plass.

Meisterskapen held fram både i morgon og søndag. Om samanlagtsigeren blir med heim til Norge blir avgjort natt til søndag norsk tid.