Hopp til innhold

Sender sjokkbølger mot snøskred

Vegvesenet vil utløysa snøskred før dei blir farlege for folk. No tar dei i bruk helikopter og sjokkbølger.

Video Sprenger snøskred med sjokkbølger

SJÅ VIDEO: Sprenger snøskred med sjokkbølger.

Sprenger snøskavlar

SPENT GEOLOG: Njål Farestveit drømmer om å utløysa eit stort skred.

Foto: NRK

Store snøskavlar heng oppunder dei bratte fjellsidene i Eksingedalen i Hordaland.

Dei er ikkje farlege så lenge snøen ligg i ro, men plutseleg kan store snømengder rasa ut og treffa vegen nedanfor.

I verste fall kan menneskeliv gå tapt.

– Det som er spennande er om vi greier å løysa ut skred, og kor store dei eventuelt blir, seier geolog Njål Farestveit i Statens vegvesen til NRK.

Fjernstyrt eksplosjon

Geologen har med seg helikopter og ikkje minst sjokkbølgeutløysaren "Daisybell" som skal løftast opp i fjellsida.

Den er fjernstyrt og kan utløysa ein liten eksplosjon som sender sjokkbølger mot snøskavlane. Målet er at lufttrykket skal løysa ut farlege fonner.

Vegvesenet har sidan i fjor vinter jobba med å løysa snøskred med sjokkbølger.

Kan sikra rasutsette vegar

Tanken er at slikt utstyr kan monterast på utsette vegstrekninger, som ein relativt rimeleg skredsikring.

Vi høyrer fleire smell frå fjellsida. Men det løsna ikkje heilt for vegvesenet i dag.

– Eg har jo lyst til å utløysa eit skikkeleg stort skred. Men det fekk vi ikkje til i dag, fordi forholda ikkje låg til rette for det, seier Njål Farestveit.

Men arbeidet med å utforska denne sikringsmetoden held fram.

– Ei slik permanent sikring vil kosta rundt ein million kroner for kvar stad, og vil då kunna sikra eit område i ei breidde på rundt 100 meter, seier Farestveit.

Sprenger snøskavler

GJER SEG KLAR: Helikopteret gjer seg klar til avgang. Til høgre står snøskredutløysaren Daisybell.

Foto: NRK