Hopp til innhold

Miljeteig glad Holmås trekkjer seg

SV-veteran Oddny Miljeteig seier det var klokt av Heikki Holmås å trekkje seg frå leiarkampen i SV.

Oddny Miljeteig

- GJORDE DET RETTE: Ein kamp mellom Lysbakken og Holmås ville ha vore ein liksom-kamp, meiner Oddny Miljeteig.

Foto: NRK

I kveld var det klart at Heikki Holmås ikkje lenger vil kjempe for leiarvervet i SV. Dermed vert Audun Lysbakken ny leiar i partiet, og kampen mellom dei to bergensarane er over i god tid før landsmøtet.

SV-veteran i Bergen: Klok og rett avgjerd

Heime i Bergen er gruppeleiar for SV i Begen bystyre og partiet sin veteran på Vestlandet, Oddny Miljeteig, glad for at kampen er over.

– Eg meiner at det var ei klok og rett avgjerd av Heikki Holmås, fordi situasjonen i partiet har synest å vere veldig klar ganske lenge, seier Miljeteig til NRK berre minutt etter at nyhenda vart offentleg.

I januar vart det klart at SV sin valkomité med stort fleirtal gjekk inn for at Lysbakken skulle ta over for Kristin Halvorsen.

– Der SV er no, har ein ikkje råd til ein liksom-kamp. Då måtte det ha vore noko heilt anna, så eg trur dette var det einaste fornuftige, seier Miljeteig.

Tror partiet vil samle seg på Lysbakken

Ho har tidleg vore ute og gjeve si støtte til Lysbakken, og trur no resten av partiet vil samle seg bak sin nye leiar.

– Det har vist seg at Audun Lysbakken har veldig brei støtte i partiet, heilt frå Erik Solheim til ein som meg. Så eg har tru på at Audun samlar breitt, og at han har stor støtte hos alle som er glad i partiet.

– Veit du om dette var Holmås sitt eige val?

– Det veit eg ingenting om. Det einaste eg veit er at Heikki har sagt han vil stå løpet ut, og eg har synest at det har vore trasig. Eg har ikkje sett at partiet har hatt noko å vinne på det.

– Stor oppgåve

Partiet sin fremste frontfigur i Bergen seier Lysbakken no har ei stor oppgåve framfor seg.

– SV har ein veldig lang veg å gå, og vi har ingen illusjonar om at vi plutseleg skal hoppe opp på meiningsmålingane. Det er veldig mykje seigt og langvarig arbeid som nå står framfor oss.

– Var du overraska over at han trekte seg i dag?

– Dersom eg var Heikki, ville eg nok ha trekt meg før. Men han gjorde det, og det meiner eg var klokt.