Hopp til innhold

– Urovekkande oppdaging i Os

Store mengder luseskadd aure har kome inn i Oselva. Ekspert fryktar at bestanden kan bli kraftig redusert.

Luseskadd sjøaure i Os

Tidlegare denne veka blei stimar med luseskadd sjøaure oppdaga. I stimen er det også blitt oppdaga døde fiskar.

Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/Midtsiden.no

For nokre dagar sidan blei store stimar med sjøaure oppdaga i Os, og fiskane var fulle av lus.

– Auren skal vera på veg ut av elva etter å ha gote på denne tida, men no opplever me at dei kjem tilbake for å få avlusa seg i ferskvatn, forklarer Egil Hauge, seksjonsleiar i naturforvaltingsseksjonen til Fylkesmannen i Hordaland.

Kjem fleire månadar for tidleg

På denne tida av året brukar auren å «feita seg opp» ute i sjøen og først i juni-juli kjem den tilbake til vassdraga. Hauge meiner det som skjer no er eit teikn på at noko er gale.

– Normalt er det lite lakselus på denne tida av året, men høg sjøtemperatur kan ha gjort det enklare for lusa å formeira seg. Det er også meldt om høgt lusenivå i opprettsanlegga i Hordaland og det verkar også inn på sjøfisk, seier Hauge.

Store mengder aure kan dø

Viss auren ikkje greier å få av seg lusa vil truleg den dø, og Hauge kjenner til at fleire døde fiskar er oppdaga i stimen i Os. Det kan få store konsekvensar for fisket i elva.

– Det er for tidleg å seia kor mange av fiskane som vil dø av dette, men me risikerer å oppleva eit kraftig tilbakeslag for bestanden i elva. Dette ser me først til sommaren, seier seksjonsleiaren.

Sjøaurebestanden i Hordaland er allereie liten og til sommaren må naturforvaltingsseksjonen og grunneigarane ta ein diskusjon på om Oselvo vil tåla fangst.

– Eit problem for sjøsystemet

Mattilsynet jobbar med å halda lusebestanden i opprettsanlegg nede.

– Om vinteren har lusebestanden sjølv halde seg nede. Det er urovekkande at dette ikkje ser ut til å vera tilfelle no, seier Egil Hauge.

Olav Valle er leiar for elveeigarane i Oselva, han er interessert i å få vita kvifor det som dei no opplever skjer.

– Det er eit problem for heile sjøsystemet at dette skjer og me treng å få meir kunnskap, seier Valle.