Hopp til innhold

Fleire evakuerte som fylgje av brann i Holmestrand

Eit eldre trebygg vart totalskadd i ein brann i Holmestrand sentrum i Vestfold i natt.
 

Det ligg ein kinarestaurant og eit husvære i bygget som brann, men det var ingen personar i bygget då det tok til å brenne.

To røykdykkarar er sende til legevakta for sjekk etter å ha fått i seg røyk på staden. 

Brannvesenet har i morgontimane kontroll over brannen.