Hopp til innhold

Strålande skiforhold fører til parkeringskaos på Gullbotn

Strålande ver fører til komplett kaos på vegen ved skianlegg.

Video Parkeringskaos på Gullbotn

SJÅ VIDEO: Parkeringskaos på Gullbotn i dag (Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret).

Trafikkaos ved Gullbotn

KAOS: Minst hundre bilar stod ulovleg parkert.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

– Det er stor grad av feilparkering langs vegen på Gullbotn. Eit hundretals bilar står slik, opplyser operasjonsleiar Erik Hole ved Hordaland politidistrikt.

– Eg køyrde forbi og trudde nesten ikkje det eg såg, skriv ei kvinne som kommenterer saka på Facebook-sidene til NRK Hordaland .

Parkerer på riksvegen

Gullbotn ligg ved riksveg 7 på grensa mellom Bergen og Samnanger.

På solrike dagar om vinteren reiser mange bergensarar til Gullbotn for å bruka dei fine langrennsløypene der. Problemet er for få parkeringsplassar, og dermed parkerer veldig mange på vegen.

Når det er fint ver og gode skiforhold er det samtidig mange som kjører frå Bergen til Kvamskogen for å stå på ski, og passerer Gullbotn på vegen.

Dermed blir det kaos, som i føremiddag.

Parkering forbudt

Det er forkjørsveg og 80-sone forbi Gullbotn. Difor er det ulovleg å parkera i kjørebanen, ifølgje trafikkreglane .

På forkjørsveg med høyere fartsgrense enn 50 km i timen er det forbudt å parkere på kjørebanen.

Trafikkreglene § 17

Politiet gjer sitt beste for å få trafikken til å gli, og unngå at nokon kjem til skade.

– Politiet har sendt ein patrulje til staden og har så langt pålagt dei som står mest trafikkfarleg parkert om å fjerna seg, seier operasjonsleiar Erik Hole.

Utover ettermiddagen kjem det liknande situasjonsrapportar frå fleire andre utfartsplassar i bergensområdet.

– Vi har fått meldingar både frå Totland og Fjell festning om liknande parkeringskaos, seier operasjonsleiar Jan Steimler til NRK.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kjent problemstilling

Problemet med ulovleg parkering ved skianlegg er kjent frå fleire plassar i landet.

Seinast forrige helg blei det fullstendig kaos ved eit skianlegg i Sogn og Fjordane.

Det førte til ein stor debatt om korleis parkeringsproblemet kunne løysast.

Eitt av resulatata blei ein ny skibuss som skal gjera at færre må ta med bilen når dei skal på ski.

Brushytten i Bergen

MANGE PÅ TUR: Svært mange bergensarar var på tur i dag i det fine veret. Dette bildet er frå Brushytten i Bergen i føremiddag.

Foto: Unni Arnøy / NRK