23.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Fire berget seg ut i husbrann

Brann i Hålandsdalen (Foto: Fusa brannvesen)

OVERTENT: Huset var overtent då brannvesenet kom fram. Dei konsentrerte seg om å berga eit bustadhus som står like ved.

Foto: Fusa brannvesen

Eit eldre bustadhus i Hålandsdalen sto i full fyr i morgontimane i dag.

– Fire personar redda seg ut og skal vera uskadde, seier operasjonsleiar Erik Hole ved Hordaland politidistrikt til NRK.

Politiet fekk melding om brannen rett før klokka 7 i dag tidleg. Huset ligg på Nerhovda i Hålandsdalen i Fusa kommune.

Heilt overtent

Huset var heilt overtent då brannvesenet kom fram. Eit nabohus som ligg berre nokre få meter unna blei evakuert fordi det kunne vera fare for at brannen ville spreia seg.

– Huset er så godt som heilt nedbrent. Dei fire som budde der er inntil vidare plassert hos gode naboar. Kommunen er varsla og vil følgja dei opp vidare, seier operasjonsleiaren i politiet.

Han opplyser at politiet har starta arbeidet med å etterforska brannen.

Brann i Hålandsdalen (Foto: Fusa brannvesen)

KUNNE IKKJE REDDAST: Huset var overtent og brann heilt ned.

Foto: Fusa brannvesen

Glatt veg

Det var så glatt på vegane i området at brannbilane måtte stoppa og legga på kjetttingar.

– Den siste bakken opp til huset var veldig glatt. Vi brukte ekstra lang tid fordi vi måtte legga på kjettingar på bilane, seier varabrannsjef Gunnar Hatlelid i Fusa til NRK.

Hatlelid seier at brannvesen konsentrerte seg om å redda eit anna bustadhus og eit uthus, som begge står ganske nær huset som brann.

Han opplyser klokka 10.25 at huset er heilt nedbrent.

Kart

Hålandsdalen

Kilde: Google Maps

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland