23.02.2012
SISTE FRA NRK.NO

Nye søk etter sakna tobarnsmor

SJÅ VIDEO: Politiet skal starta nye søk etter Dung Tran Larsen

Politiet skal i gang med nye søk for å finna ut kva som skjedde med tobarnsmora Dung Tran Larsen frå Bergen. Etter nesten fem år håpar politiet framleis at dei skal løysa forsvinningsgåta.

Tore Salvesen (Foto: Ingrid Tangstad Hatlevoll/NRK)

HÅPAR PÅ LØYSING: Tore Salvesen seier han tenkjer på forsvinningssaka kvar einaste dag.

Foto: Ingrid Tangstad Hatlevoll/NRK

– Eg tenkjer på saka kvar einaste dag. Det går inn på meg som menneske at vi ikkje har lukkast med å finna Dung Tran Larsen, seier Tore Salvesen, stasjonssjef ved Bergen Vest politistasjon, til NRK.no.

Nesten fem år har gått

Salvesen har jobba med saka sidan tobarnsmora forsvann frå heimen sin i Krabbedalen ved Olsvik i 2007.

Leter etter Dung Tran Larsen i Rådalen. (Foto: Kjell Jøran Hansen/NRK)

50 SØK: Politiet har leita svært mange plassar, blant anna ved søppelanlegget i Rådalen.

Foto: Kjell Jøran Hansen/NRK

Ektemannen til Dung Tran Larsen og tre andre i den nære familien hans blei pågripne og sikta for drap i august same året som ho forsvann.

Men to år etter bestemte riksadvokaten at saka skulle leggast bort, etter det som kallast «bevisets stilling».

Dette inneber at dei fire ikkje lenger er sikta i saka.

Same dagen som saka blei lagt bort sa førstestatsadvokat Walter Wangberg til NRK at dei framleis hadde ein sterk mistanke om at det har skjedd noko kriminelt.

Nye søk til våren

Utallige tips er sjekka ut og over 50 søk er gjennomført i den svært omfattande etterforskinga.

Likhund søker etter Dung Tran Larsen (Foto: Dag Harald Andersen/NRK)

SØK MED LIKHUND: Politiet har prøvd nesten alt, også søk med likhunder.

Foto: Dag Harald Andersen/NRK

Sjølv om det snart har gått fem år sidan forsvinninga, kjem folk fortsatt til politiet med opplysningar.

Seinast før jul fekk politiet inn eit interessant tips. Det var ifølgje Salvesen ein person som gjorde interessante observasjonar, men som av forskjellige grunnar ikkje har kome fram med desse opplysningane før no.

– Vi har eit par stader vi skal undersøkja i løpet av våren. Men vi vil venta til telen er vekke frå jorda og forholda elles ligg til rette for det, seier Salvesen.

Ventar på den siste biten

Han forsikrar at motivasjonen for å løysa forsvinningsgåta framleis er heilt på topp.

– Vi har ikkje gitt opp håpet om å løysa saka. Før eller sidan vil vi få den siste biten på plass. Eg har enno ikkje tenkt tanken på at saka aldri blir løyst, seier Salvesen.

Dung Tran Larsen-saken

Tobarnsmoren har vært forsvunnet fra boligen sin ved Olsvik i Bergen siden 14. juli 2007.

Hun ble meldt savnet av ektemannen 20. juli 2007.

23. august 2007 ble ektemannen og hans bror, mor og far pågrepet og siktet i saken. To av dem ble løslatt etter to uker. De to andre ble løslatt etter 13 uker i varetekt.

10. september 2009 avgjorde Riksadvokaten at saken skulle henlegges etter bevisets stilling. Dermed ble drapssiktelsene mot ektemannen og de tre andre siktede frafalt.

Siste: NRK Hordaland

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet

Nyhetsarkiv Hordaland